Jubileumskonsert med Michael Jackson-venn, laur. 12. nov. kl. 18.00

Francois Glorieux and Michael Jackson - Klikk for stort bildeFrancois Glorieux and Michael Jackson Stordal Hornmusikklag fyller 125 år, og feirar i samspel med Francois Glorieux, ein belgisk stjernepianist som arrangerte musikk for Michael Jackson. Korpset har også med Vatne Hornmusikklag og Stordal skulekorps under jubileumskonserten, som du altså får med deg i Stordalshallen laurdag 12. november.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.10.2016

Stordal Hornmusikklag og Vatne Hornmusikklag  - Klikk for stort bildeStordal Hornmusikklag og Vatne Hornmusikklag Stordal Hornmusikklag Francois Glorieux and Michael Jackson - Klikk for stort bildeFrancois Glorieux and Michael Jackson Jubileumskonsert Stordal Hornmusikklag, jan 2011. Nick Ost solist - Klikk for stort bildeJubileumskonsert Stordal Hornmusikklag, jan 2011. Nick Ost solist Atle Hole Stordal Hornmusikklag feira 100 år i 1991. Det er 25 år sidan det og sjå kor flotte dei var også den gongen!  - Klikk for stort bildeStordal Hornmusikklag feira 100 år i 1991. Det er 25 år sidan det og sjå kor flotte dei var også den gongen! Vassbotn Stordal Hornmusikklag er med sine 125 år eit av dei eldste korpsa på Sunnmøre. Den 2. januar 1891 samla seks stordalsungdommar seg for å spele korpsmusikk. Folk på bygdene var vande med ei fele eller ein klarinett. Samspel mellom fleire var noko heilt nytt, og musikantane vart raskt populære. Det er Ruth Janne Vinje hjå jubilantane, som fortel dette og vidare i pressemeldinga hennar les vi:

Michael Jackson-venn
Som vanleg har Hornmusikken fått med seg gjestar til konserten. Vi er stolte av å få den 84 år gamle belgiske pianisten Francois Glorieux til Stordal.  Han er ikkje berre ein meister på piano, men også komponist, entertainar, æresprofessor i kammermusikk ved Royal Music Conservatory i Gent og gjesteprofessor på Yale Universitet (USA). Glorieux arrangerte ein del av musikken til Michael Jackson. Jackson vart mektig imponert og hadde fleire møter med Glorieux der dei diskuterte arrangementa. Publikum får høyre ein del av denne musikken, bl.a. Bad og Smooth Criminal. To nydelege og litt meir ukjende Michael Jackson-låtar blir det også; Liberian Girl og Ben.

Musikalsk meistermøte
Glorieuxs eigne verk vert også presentert. Publikum kan glede seg til mektige «A cry for help» og «Still hoping for peace», som han skreiv spesielt til Jackson.
Han har også skrive musikk til vår dirigent Nick Ost, som spelar euphonium. Det er berre å glede seg eit musikalsk meistermøte mellom desse to. 

Gode musikantvenner
Musikantane i Stordal Hornmusikk spelar ikkje åleine, vi har med gode venner frå Vatne Hornmusikklag. Stordal Skulekorps deltek på ei avdeling av konserten. Det musikalske vert bunde saman av konferansier Claus Hoff. Naturlegvis blir det gode kaker og kaffi.

 

For vår del føyer vi gjerne til fyljande:

Når det gjeld å imponere oss med gjesteartistar i verdsklasse, har altså Stordal Hornmusikklag klart dette nok ein gong og for den som har lyst på ein liten forsmak på kva Francois Glorieux står for, kan denne vere på sin plass å dele med dykk. Kva Michael Jackson stod for, reknar vi med er kjent for alle!  Francois Glorieux - in memoriam Michael Jackson

Eller kanskje Still Hoping For Peace  "This is an instrumental version of Still hoping for peace from Francois Glorieux. This song was especially loved by Michael Jackson. The first contact between Francois Glorieux and Michael Jackson took place on 9th March, 1987. After listening very attensively to Francois´ arrangements of his greatest hits, Michael was filled with enthusiasm. Moreover, he declared himself "intrigued" by the personality of Belgian musician. This was the start of a long and regular correspondence between the two artists. They met on 2nd May, 1989. During this meeting, they exchanged ideas for more than two hours and afterwards came to conclusion that they shared similar views. In following years, they discused and arranged some of Michael´s songs for symphonic orchestra."

Det er i høgste grad også på sin plass med eit tilbakeblikk på ein del av alt det Stordal Hornmusikk har gitt oss dei siste åra. Tenk også at det er gått fem år sidan den storslagne jubileumskonserten i 2011.

Den viktigaste grunnen til at vi har fått oppleve den eine gjesteartisten i verdsklasse, etter den andre, er dirigent Nick Ost. Med si musikalske tyngde og sitt breie kontaktnett internasjonalt, har han lukkast å få hit alle desse. For Nick har Francois Glorieux spela ei sentral rolle - m.a. også som læraren hans - og Nick legg ikkje skjul på at det Glorieux står for, har betydd særs mykje for hans eiga musikalske utvikling.

Sett av litt tid og fyl lenkene til eit unikt tilbakeblikk og samstundes oppmodar vi alle til å sette ein stor ring rundt den 12. november på alt som måtte finnast av kalenderar!

Sjå flott plakat her! (JPG, 669 kB)

 


Unikt intervju!
Om du har lyst til å høyre meir om korleis det arta seg å vere med i Stordal Hornmusikklag i tidlegare tider kan du få med deg samtalen Knut Hove (i sogenemnda) hadde med veteranane Petter H Busengdal og Leif Arne Dybdal. Tidt vi minnast - 110 år i Stordal Hornmusikklag

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove