Julehelsing frå Stordalshallen
Julehelsing frå Stordalshallen
Fotograf: Hallgeir Hove
Kan Vinje, vinje igjen? fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lyst til å prøve deg på konkurransetrampolina? 5. juledag har du sjansen! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kanskje det ser kjekt ut å prøve skytebana? fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eller kanskje klatreveggen ser fristande ut? fotograf Hallgeir Hove

Julehelsing frå Stordalshallen

Eit nytt år er på hell og nok ein gong kan vi sjå attende på eit innhaldsrikt og flott år for Stordalshallen sin del. Då siktar vi m.a. til det høge aktivitetsnivået, dei mange flotte arrangementa, dei mange kjekke besøka og ikkje minst det at vi kan gle oss over å ha 100 samarbeidspartnarar med på vinnarlaget.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.12.2015

Den suksessen Stordalshallen opplever, år etter år, er sjølvsagt takka vere ein miks av alt dette og i botnen ligg også ein eineståande dugnadsinnsats utretta av mange.

På ein dag som denne, kvelden før kvelden, ynskjer vi å rette ei stor takk til alle som har vore med og bidratt til alt dette positive. Vi gler oss stort over alle dei positive tilbakemeldingane vi får inn. Det er særs gledeleg å registrere ei slik enorm interesse og frå heile regionen vår!

Stordalshallen ynskjer dykk alle ei retteleg God Jul!

Når vi no går inn i jula, minner vi om at det er to kjekke arrangement som står på programmet også då. For det første er det Grendacup 2015, som går av stabelen 2. juledag.

I tillegg håper vi også Open dag - arrangementet 5. juledag, vil falle i smak. Frå kl 12.00 og til kl 14.00 denne dagen, kan alle som har lyst få instruksjon på konkurransetrampolina, i klatrereveggen og på skytebana. I tillegg kan vi rigge opp team-track`n og elles legge opp til ei rad aktivitetar, alt etter kva det er ynskje om. Dette er eit arrangement for alle og vi håper sjølvsagt at flest mulig vil møte opp og ta del i dette unike tilbodet. Det er alt klart av det kjem fleire frå klatreklubben og vil ta hand om instruksjonen der. Frode Holteleite er klar på trampolina og Lars Johan Nygård tek seg av instruksjonen på skytebana. Vi trur dette blir ei kjempekjekk økt!  

Både Grendacup og Open dag, er ein del av Barnas juleprogram

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove