Juleshow med Maria, BOB og BVV, søndag 10. desember!

Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - plakat - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - plakat

Søndag 10. desember står 30 musikarar på scena i Stordalshallen, når storbandet Big Odd Band, med dirigent Odd Fossum og vokalist Maria Holand Tøsse, gir deg kjente julesongar i storbandstil. I tillegg vil Big Valley Voices, med dirigent Solveig Maria Nedregård, gjesteopptre saman med Maria og storbandet. Kan det bli særleg betre?

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.09.2017

Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Big Odd Band - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Big Odd Band Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Maria - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Maria Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Odd Fossum - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Odd Fossum Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Big Valley Voices - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Big Valley Voices

Liten tvil om at det kjem til å bli ein energisk kveld i Stordalshallen dette. Big Odd Band, med dirigent Odd Fossum, gir oss - saman med Maria Holand Tøsse - ein julekonsert med over 30 musikarar på scena!

Ekstra stas er det også at Big Valley Voices skal gjesteopptre sammen med Maria og storbandet!

Dette blir stemningsfullt, storslagent og ikkje minst også garantert kjempegøy!

Billettsalget startar søndag 17. sept. på Tikkio.com, med reduserte prisar fram til 1. oktober

Det blir også sal av kake, kaffe og brus både før konserten og i pausen.

 

Her er køyreplanen for festkvelden:
18.00: Dørene åpnar
18.30: Konsertstart
20.30: Konsertslutt

 

Sjølvsagt er det alt oppretta ei eiga hending på facebook, der ein finn meir info. Legg altså også merke til at du kan få rabatterte billettar om du bestiller tidleg. Kjenner vi Maria - og dei andre - rett, vil det bli bra med oppdateringar framover, så her er det berre å fylje med.

Meir om Maria også på nettsida hennar    ..og på facebook

Meir om Big Odd Band på facebooksida til storbandet

Meir om Odd Fossum som m.a. vart tildelt Norsk jazzforums storbandpris for 2010 (reportasje i Smp)

Meir om Big Valley Voices

 

Vi kan vel ikkje seie så mykje anna enn at vi er priviligerte folkens! Dette blir stort!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove