Fotograf: John Kristian Hjelle
Junior Big Band, under leiing av Frank Harneshaug. Konsert i Stordalshallen den 23. september 2007. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Stordal skulekorps, under leiing av Lars Kaggerud. Konsert i Stordalshallen den 23. september 2007. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Lars Kaggerud er dirigent for Stordal skulekorps. fotograf John Kristian Hjelle

Junior Big Band, med flott øvingshelg i Stordalshallen.

Laurdag 22. og søndag 23. september var Junior Big Band på besøk ved Stordalshallen. I tillegg til mykje fellesøving, vart det også tid til å få med seg instruksjonsopplegg i klatring, skyting og trampoline, samt å avvikle eigen konsert. Konserten på søndagen vart flott og dei omlag 90 frammøtte såg ut til å kose seg.
Junior Big Band er eit ungdomskorps/storband med medlemmar frå heile fylket. Deltakarane, som er i alderen 14 til 17 år, kjem frå Kristiansund i nord og til langt ned på søre Sunnmøre.

Også Stordal skulekorps hadde med 3 deltakarar denne gongen og til neste samling vil dei truleg ha med minst ein til. Det er dei mest interesserte ungdommane i skule og ungdomskorps som er medlemmer i Junior Big Band og det musikalske nivået er særs høgt. Dei speler storband musikk som det virkelig svinger av, og har en kraftig trøkk.

Mykje tid var sjølvsagt sett av til øving (til saman 9 timer der dei øvde inn 7 nye melodier på høgt nivå), men i tillegg fekk deltakarane mellom anna også prøve seg i klatreveggen, på trampolina og på skytebana. Leiaren for Stordal skulekorps, Jarle Hove, kunne fortelje at deltakarane var veldig fornøgd med opplegget denne helga. Ikkje minst den sosiale delen av samlinga var heilt topp.

På sjølve konserten søndagen, deltok også Stordal skulekorps, leia av Lars Kaggerud, med fleire flotte nummer. Det er elles Frank Harneshaug, som har det musikalske ansvaret for Junior Big Band.

Det var også Stordal skulekorps som tok seg av matlaginga denne helga og foreldra til medlemmane i korpset la også elles ned eit omfattande arbeid. Dette var ei viktig medverkande årsak til at det heile vart so vellukka.

Det er verkeleg flott ungdom som er med i Junior Big Band og ein vil nytte høve til å takke for at dei ville legge samlinga si hit til oss og samstundes ynskje dei hjarteleg velkomne attende ved eit seinare høve.


Du kan lese meir om Junior Big Band, ved å fylje lenka nederst.
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove