Kampoppsettet er klart!

Grendacup 2015 - Øvrebust  - Klikk for stort bildeGrendacup 2015 - Øvrebust Hallgeir Hove I skrivande stund, er det berre 10 dagar att til Grendacup 2016! Arrangør i år er Dalingane, og dei har laga til kampoppsett og sett opp kontaktpersonar i dei ulike grendene. Ein kan merke seg at også Øvre Stordal stiller lag i år og det i begge turneringane. Grendacupen går av stabelen i Stordalshallen måndag den 26. desember (2. juledag).

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.12.2016

Grendacup 2015 - 5. - 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2015 - 5. - 8. klasse Hallgeir Hove Grendacup 2014 - 5. - 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2014 - 5. - 8. klasse Hallgeir Hove Grendacup 2013 - 5. - 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2013 - 5. - 8. klasse Hallgeir Hove Grendacup 2012 - deltakarar 5. t.o.m. 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2012 - deltakarar 5. t.o.m. 8. klasse Runar Helland

Grendacupen vert arrangert for 21. gong i år, noko som i høgste grad inneber at dette er ein skikkeleg tradisjon. For veldig mange der ute, har det dermed alltid vore slik og voneleg blir det slik i 20 år til, minst! I og med at vi har både skrive ein heil del og også knipsa ein del bilder, kan den som har lyst ta eit tilbakeblikk på tidlegare Grendacup-arrangement. (i denne reportasjen, vil ein også finne info om eit anna kjekt arrangement i Stordalshallen i romjula, nemleg "Open dag" den 5. juledag)

I tillegg til kampoppsettet, finn du også oppsett på kven som er peika ut til å vere ansvarleg i dei ulike grendene. Arrangørane håper og trur at det ikkje byr på problem og dei ber om ei tilbakemelding frå kvar enkelt, slik dei veit at alt går etter planen. Meld tilbake til Pål Bjørn Øvrebust på denne adressa: palov19@stranda.kommune.no

I tillegg til alt det som skjer ute på parketten, vert det også kafedrift og anna. Dermed ligg alt til rette for at også Grendacup 2016 blir akkurat den sosiale møteplassen vi ynskjer at den skal vere.

Det er gratis å få med seg det heile, anten det no er som aktiv ute på parketten, eller på tribuna.

Tidlegare år har det vore eit eige lotteri i samband med Grendacup. I år satsar vi stort på eit lotteri i høve jubileet til Stordalshallen, der vi har fått på plass fantastisk flotte premiar og der vinnarsjansane er særs gode. Om det blir litt overskot på lotteriet, så går dette til innkjøp av endå meir utstyr til Stordalshallen.

 

Her er kampoppsettet (PDF, 621 kB)

Her er info til lagleiarar m.m. (PDF, 572 kB)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove