Fotograf: Thea Marie Ekroll Hove
Deltakarar, ledsagarar og instruktørar jublar for Aktivitetskvelden 2014 fotograf Thea Marie Ekroll Hove
Fotograf: Arvid Hjelmseth
Det var fleire som imponerte i klatreveggen. Kjell Mulelid (t.v.) frå klatreklubben, stilte på nok ein gong fotograf Arvid Hjelmseth
Fotograf: Inger Birgitte Tandstad
Stig Falling frå Stordal Skyttarlag instruerer på skytebana fotograf Inger Birgitte Tandstad
Aktivitetskveld 2014
Denne duken kan ein ha mykje moro med og her er det viktig å samarbeide
Fotograf: Inger Birgitte Tandstad
Triveleg i grendasalen, med god mat og etterkvart premieutdeling og heftige rytmer fotograf Inger Birgitte Tandstad

Kjekk aktivitetskveld med stor deltaking

Det har blitt ein tradisjon at God Helse Stordal inviterer til aktivitetskveld i Stordalshallen. Torsdag 30. oktober var det sjette gongen dette populære arrangementet gjekk av stabelen og det med heile 33 deltakarar frå sju kommunar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.11.2014

Det er God Helse Stordal, i samarbeid med Stordal Alpin og Stordalshallen, som står bak desse aktivitetskveldane og det er liten tvil i at det er populært å vere med. Det var 33 deltakarar med denne gongen, noko som er ny rekord! Deltakarane kom frå kommunane Sykkylven, Skodje, Haram, Ålesund, Norddal, Ørskog og Stordal.

Det var folkehelsekoordinator, Inger Birgitte Tandstad, som hadde hovudansvaret for opplegget denne gongen og ho har sendt oss endå meir om den kjekke kvelden.

I idrettshallen var det lagt til rette for ei rad ulike aktivitetar, der altså Stordal Alpin stilte med mange dyktige instruktørar og på skytebana stilte Harry Tøsse, Stian Talberg og Stig Falling frå skyttarlaget opp. I klatreveggen var også Kjell Mulelid frå klatreklubben på plass. Deltakarane fekk mellom anna testa ut klatring, skyting, team-track, presisjonskast, minigolf, soft-hockey, bordtennis og anna kjekt.

Etter at økta i idrettshallen og på skytebana (som varte i 1,5 timar) var ferdig, var det tid for pizza og dans i grendasalen. Her var Preben Hauglid Tafjord og Jonas Bonsaksen Remme klar med fengande dansemusikk frå anlegget. Det var sjølvsagt også utdelinga av diplomar og premiar frå Sparebanken Møre til alle deltakarane.

Etter tilbakemeldingane å dømme, både frå deltakarar og instruktørar, er desse aktivitetskveldane verkeleg stas å få vere med på.

Stor takk til alle som var med og bidrog, der det høyrer med å takke Sparebanken Møre som støtta opp om arrangementet med kr 5.000! Sist, men ikkje minst, tusen takk til dei mange kjekke deltakarane!

Om du har lyst, kan du sjå attende på alle dei tidlegare aktivitetskveldane i Stordalshallen.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove