Kjekk markering og fine reportasjar!

Stordalshallen 20 år - fellesbilde den 25. januar - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - fellesbilde den 25. januar Hallgeir Hove

Onsdag den 25. januar var det altså nøyaktig 20 år sidan Stordalshallen vart offisiellt opna. Dette vart markert ved at alle som var på plass denne kvelden, anten det no var i idrettshallen, på skytebana, eller i grendasalen, fekk utdelt eigen jubileumsbuff og sjølvsagt vart det servert flott jubileumskake, saft og kaffe. Men dette er langt frå alt av feiring, om nokon trudde det!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.02.2017

Stordalshallen 20 år - driftsstyret med kake den 25. januar - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - driftsstyret med kake den 25. januar Bjørg Jacobsen Stordalshallen 20 år - skjorte og buff 25. januar - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - skjorte og buff 25. januar Hallgeir Hove Stordalshallen 20 år - skyteinstruktørar 25. januar - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - skyteinstruktørar 25. januar Hallgeir Hove Stordalshallen 20 år - kake den 25. januar - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - kake den 25. januar Hallgeir Hove

Markeringa var lagt til kl 1900 denne onsdagen og også på ein heilt vanleg kveld som dette, yrar det med folk. I idrettshallen var barneidretten akkurat ferdig med klatring, team-track, ballspel og dans og G 12 stod klart til å overta. I grendasalen rakk barneidrettsutøvarar akkurat dei siste dansestega framfor storskjermen, før det var på tide å dele ut jubileumsbuff og ta fellesbilde inne i hallen. I grendasalen stod ei ny gruppe klar til å overta, nemleg dei ivrige folkedansarane. Til liks med så mykje anna av det som skjer i Stordalshallen er vi så heldige at det langt frå berre er stordalingar med. og dansar. Både på folkedansen, pensjonisttreffa (det er over 80 medlemmar!), yogaen, og på det meste anna, kjem dei nemleg både frå Stranda og Norddal kommune for å delta.

Ned frå skytebana kom representantar frå skyttarlaget, som velviljug stiller opp også når Stordalshallen har besøk av grupper utanfrå. I lag med instruktørar frå klatremiljøet og trampolina, fekk desse utdelt jubileumsskjorter og jubileumsbuff denne kvelden. Det står stor respekt av den innsatsen desse har lagt ned og mange av dei har vore med sidan dag ein! Når vi hevdar at vi langt på veg har klart å føre vidare den unike dugnadsånda, er det ikke minst innsats som dette vi siktar til. Stadig nye instruktørar kjem heldigvis til og det er gledeleg å registrere at vi t.d. for berre eit års tid sidan - og då i godt samarbeid med skulen - fekk 13 nye instruktørar på plass i klatreveggen.

På plass denne kvelden var også vår kjære vaktmeister gjennom alle år, Einar K Hove i lag med hans høgre hand, Kirsten A Hove. Det er som kjent Jøran Gudmestad som har teke over jobben til Einar og ein kan trygt seie at han løyser den på utmerka måte. Jøran overtok sommaren 2015. Det same gjeld også Nirmala Vasanthavasan, som har vore reinhaldaren vår i 10 år no.

Det var på ingen måte meininga at markeringa skulle medføre at dei ivrige brukarane av Stordalshallen skulle miste dyrbar aktivitetstid denne kvelden og i løpet av ein halv time, var det meste unnagjort. I løpet av denne stunda fekk ein markert at Stordalshallen var blitt 20 år- ikkje berre overfor dei som var til stades denne kvelden, men mange, mange fleire. I tillegg fekk ein altså delt ut jubileumsskjorter, jubileumsbuff og spandert kake, før folkedansarane kunne sette i gong for fullt i grendasalen og fotballspelarane kome i gong inne i idrettshallen.  

Det var som vanleg veldig kjekt at Storfjordnytt var på plass for å lage reportasje. Alfred Nilsen hadde teke turen frå indre og både han og dei andre ved Storfjordnytt skal også ha stor takk for dei mange flotte arkivbileta dei har sendt oss den siste tida. Både dette og mykje anna, gler vi oss veldig til å presentere for dykk alle!

Elles registrerer vi også at fin reportasje alt er på plass i Sunnmørsposten! Stas!

Sjå gjerne også vår nylege reportasje i høve jubiléet, der vi m.a. prøver å seie litt om kva Stordalshallen er og kva den betyr

..og her 20 kjekke bilder til frå markeringa den 25. januar

Sjå også fin reportasje i Storfjordnytt!

 

No rettar vi altså blikket fram mot laurdag den 25. februar folkens!

Nok ein gong gratulerer til alle!
 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove