Fotograf: Hallgeir Hove
Den supre gjengen frå Ørskog, fekk også god tid til å teste ut klatreveggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maja har klatra til topps og fått nærkontakt med taket fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Fornøgde skyttarar med blinkar i handa fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
På team-track´n er det mykje rart ein kan finne på.. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lars Johan og Odd Einar ser til at alt går etter boka, på skytebana fotograf Hallgeir Hove

Kjekke ørskogbygdarar på besøk

8. klasse ved Ørskog skule var i går kveld på besøk ved Stordalshallen. I løpet av eit par timar fekk dei teste ut skytebana, klatreveggen og team-track`n vår. Etter aktivitetane var over, var det tid for litt felles avrunding med frukt og anna godt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.01.2016

Besøket i går kveld var altså ein klassetur og både elevar og foreldra som var med, såg ut til å ha det rett så kjekt. Vi, for vår del, kan iallefall skrive under på at dette var ein skikkeleg suveren gjeng.

På skytebana sytte Lars Johan Nygård og Odd Einar Kalvø for ypperleg instruksjon og gruppene rakk både 3 og 4 seriar, med fem skot, og mykje god skyting var det.

Lottie Van Dijk instruerte i klatreveggen i lag med underteikna og også her viste ørskogbygdarane at dei kunne sine saker. På team-track`n kunne dei boltre seg, utan at det var nokon som til eg kvar tid fortalte dei kva dei skulle gjere. Såg ut til at også det var rett så kjekt.

Tusen takk til 8. klasse ved Ørskog skule, for at de ville legge opp til klassetur hit til Stordalshallen!

For nokre bilder til frå opplegget, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside. (takk også til både Kjetil Søvik og dei andre som tok bilder under opphaldet)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove