Fotograf: Hallgeir Hove
Kjekt å få besøk av Teater ViTo! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Thor-Ivar og Karoline fekk god kontakt med barna fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Garantert at det vert mange fleire som vil lese Egner sine bøker etter dette fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørg Moltu takkar for dei flotte framsyningane fotograf Hallgeir Hove

Kjekt å få besøk av Teater ViTo!

Thor-Ivar Forsland og Karoline Isaksen, er Teater ViTo. På si reise rundt om, med eiga Egner-oppsetting, var det Stordal som var stoppestaden i dag. I løpet av dei to framsyningane i Stordalshallen, var det om lag 120 små og store som fekk med seg den flotte framsyninga.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.08.2012

Det var ikkje vanskeleg å sjå at ungane likte godt det dei fekk oppleve frå scena og tydeleg at dei kjente godt igjen dei kjære Egnerfigurane. Truleg vert ikkje interessa for å leite fram bøkene til Thorbjørn Egner mindre etter dette og Bjørg på bilbioteket er meir enn klar til å låne ut.

Første framsyninga var for dei på barnesteget ved Stordal skule. Kjekt var det då å registrere at det kom like mange også på framsyninga kl 17.00. Ja, faktisk var det ein del som fekk med seg begge! Også det eit godt bevis på at framysninga fell i smak.

Bibliotekar, Bjørg Moltu, nytta høve til å takke Teater ViTo for dei to flotte framsyningane og dei fekk også kvar si drikkeflaske som dei kunne bruke når dei skulle på tur i Stordalsfjella. 

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje, for meir

Teaterframsyningane inngjekk også i Barnas kommune sitt sommarprogram og vart slik sett også ei flott avrunding på nok ein super sommar, med ei rad ulike arrangement og aktivitetar. Kikk gjerne i reportasjearkivet vårt for meir om Barnas Supersommar! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove