Kjekt besøk av Audun Myskja

Audun Myskja på kulturkafé på Stordalstunet - Klikk for stort bildeAudun Myskja på kulturkafé på Stordalstunet Bjørg Jacobsen

Torsdag 13. juni fekk vi besøk av Audun Myskja. Lege, forfattar og musikar Audun Myskja var på ein liten rundtur i den nye Fjord kommune, i regi av Stordal frivilligsentral i samarbeid med frivilligsentralen i Norddal. 

Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 03.07.2019

Myskja hadde eit stramt program denne dagen. Først reiste han til Valldal og minikonsert på sjukeheimen. Etterpå kom han til Stordalstunet på kulturkafé for å underhalde med musikk og allsong. Fulle hus var det begge plassane.

Om kvelden var det foredrag i grendasalen i Stordalshallen, med om lag 60 frammøtte. 

Myskja er overlege og spesialist i allmennmedisin og ha ein doktorgrad i bruken av musikk i eldreomsorg. han fortalde ulike (og unike) historiar om korleis m.a. musikk kan bidra inn mot personar med demens og andre sårbare grupper. Dei frammøtte fekk både song, musikk og trim undervegs i foredraget. Myskja kom også med ei rekkje tips til korleis ein enkelt kan øve seg fram mot alderdommen.

Her er m.a. ti ting ein kan gjere kvar dag:

1. Lære noko nytt
2. Puste skikkeleg
3. Stå på eitt bein
4. Få opp pulsen i 20 sekund
5. Tøye heile kroppen
6. Smile
7. Godta livet som det er
8. Vere takknemleg
9. Søke stillheit
10. Gi noko til andre

 

Audun Myskja var imponert over kva vi, i to små kommunar, har tilbod om til eldre, både i kommunal regi, men ikkje minst også i regi av frivillige og dette håper vi å halde fram med også inn i den nye kommunen.

Etter foredraget var det muligheiter for å kjøpe signerte bøker av Myskja.

Minikonserten i Valldal og kulturkafeen i Stordal var støtta av Den Kulturelle Spaserstokk og foredraget i Stordalshallen fekk støtte frå kylturbyggingsfondet i Fjord kommune. 

Publikum fekk opp pulsen og måtte teste balansen - Klikk for stort bildePublikum fekk opp pulsen og måtte teste balansen Bujørg Jacobsen

Ti ting ein kan gjere kvar dag - livet ut! - Klikk for stort bildeTi ting ein kan gjere kvar dag - livet ut!
Mellom 50 og 60 frammøtte i Stordalshallen - Klikk for stort bildeMellom 50 og 60 frammøtte i Stordalshallen Bjørg Jacobsen
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove