Ålesund Sportsdrill jan 2016
Privat
Ålesund Sportsdrill jan 2016
Privat
Ålesund Sportsdrill, reportasje i Smp januar 16
Åse Skolekorps si drilltropp førebur seg no til nasjonal konkurranse og dermed var Stordalstur midt i blinken. Instruktøren dei hadde med seg denne helga var Kamilla Myklebust. Til vanleg er ho med i Ålesund Sportsdrill.
Stas for oss er det også å registrere at to av jentene, nemleg Synne og Amanda Nygård begge har vore aktive i Stordal Alpin og dei to er nok også ein vesentleg grunn til at nettopp Stordal er blitt eit naturleg førsteval, når slike samlingar skal gjennomførast. For Synne sin del, er ho med både i Åse Skolekorps si drilltropp og Ålesund Sportsdrill.
No er det ikkje første gongen vi har hatt drilljener på besøk dette året. I januar var nemleg også Ålesund Sportsdrill på plass (dei siste bilda i teksten her, er frå den samlinga)
Sjå gjerne vår reportasje frå januar i år, der det neste målet den gongen vel var både NM, EM og VM, eller World Baton Twirling 2016, som VM også vart kalla.
Det er stor stas at Sunnmøre har slike dyktige utøvarar innan sportsdrill og vi synest det er skikkeleg kjekt at også dei har funne ut at Stordalshallen er ein eigna stad å legge treningssamlingar til.
Vi takkar for besøket og ynskjer jentene all mulig hell og lykke i dei komande konkurransane!
Les meir om både dette og anna, på Ålesund Sportsdrill si facebookside. Sjå også flott reportasje om dei i Sunnmørsposten frå januar i år.