Fotograf: Hallgeir Hove
Den hyggelege gjengen samla i idrettshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange av deltakarane hadde aldri prøvd å klatre før, men det såg ikkje ut til å vere noko hinder fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ei av gruppene viser fram skivene sine, etter at eine serien med fem skudd var unnagjort fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Viktig å vere stø på handa også i minigolf fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Presisjonskast av erterposar inngjekk også i gruppekonkurransen fotograf Hallgeir Hove

Kjekt besøk frå Elllingsøy!

Fredag den 6. september hadde vi hyggeleg besøk av 20 av dei tilsette hjå Firmenich Bjørge Biomarin AS på Ellingsøya! Opphaldet ved Stordalshallen inngjekk som ein del av ein sosial tur, der også besøk ved Blåtind stod på programmet. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.09.2013

I løpet av den om lag 2 timar lange økta i Stordalshallen, var det lagt opp til skyting, klatring, minigolf, quiz og presisjonskasting av erterposar. Det vart delt inn i fem grupper, som gjennomførte ein uhøgtidleg konkurranse seg imellom, der resultata frå alle øvingane unntatt klatringa, var teljande.

På skytebana var Lars Johan Nygård på plass og alle saman rakk å gjennomføre 2 seriar, før dei rullerte vidare. Kjell Mulelid og Helga Øvrebust frå klatreklubben, sytte for at alle også fekk prøve seg i klatreveggen og til liks med det som vart prestert på skytebana, var det magne som imponerte med flott klatring! Etter tilbakemeldingane å dømme, var både klatringa og skytinga noko som gav "meirsmak"!   

No var det ikkje like enkelt å klare å få alt rett på dei 20 spørsmåla på Stordalsquiz´n, men deltakarane gjorde også her fin innsats.

Både minigolfen og presisjonskasting av erterposar, såg også ut til å vere kjekt. Målet for den enkelte var naturleg nok å få best mulig resultat, slik at gruppa ein tilhøyrde skulle gjere det best mulig. Alle fekk prøve så mange gongar dei berre ville, i løpet av dei om lag 20 minutta dei hadde til rådevelde på kvar stasjon. Beste resultatet til den enkelte vart så teljande i gruppekonkurransen.   

Etter opphaldet ved Stordalshallen gjekk så turen vidare til Kristin og Peder Vikenes, ved Blåtind.  Ikkje overraskande vert det meldt om nydeleg mat og særs hyggeleg vertskap der. Opphaldet vart avrunda med frukost ved Blåtind, dagen etter.

Det er sjølvsagt stas for oss å konstatere at gjengen frå Firmenich Bjørge Biomarin AS, hadde eit kjekt opphald i Stordal og takkar enno ein gong for særs triveleg besøk! 

Sjå fleire bilder frå opplegget i Stordalshallen i bildegalleriet vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove