Fotograf: Hallgeir Hove
Den kjekke gjengen, med vinnargruppa i front! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lars Johan var skytbas og det var mange som skaut godt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Spanande å sjekke skivene fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Utanfor hallen var det m.a. laga til for minigolf fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var også mange som synte imponerande ferdigheiter i presisjonskasting fotograf Hallgeir Hove

Kjekt besøk frå M/S Veidar 1

På laurdag var det mannskapet (inkl fylje) på fiskebåten Veidar 1, som hadde lagt inn ein stopp ved Stordalshallen. Opplegget var ein del av sosial tur, eller team-building om ein vil, der vegen vidare gjekk til Blåtind.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.04.2014

Den kjekke gjengen på 22, starta med buss frå Godøy rundt kl 13.00 og etter ein innlagt stopp med softis ved Kokarsteinen, kom dei til Stordalshallen litt etter kl 15.00. Der vart gjengen ynskt velkomen og kjapt inndelt i seks grupper. Dei fekk så prøve seg både på skytebana og andre aktivitetar. I og med at det var øvingshelg for skulekorps og hornmusikklaget inne i Stordalshallen, vart aktivitetane lagt opp utandørs denne gongen. Men kva gjer vel det, med slikt ver som vi hadde på laurdag!

I tillegg til skyting, der Lars Johan Nygård hadde kommandoen, konkurrerte gruppene i minigolf, presisjonskast og quiz.

Det var tydeleg at denne litt uhøgtidlege gruppekonkurransen fenga og til slutt var det spanande å sjå kva for ei gruppe det var som hadde gått av med sigeren.

Ein triveleg gjeng å ha på besøk og truleg hadde dei det også kjekt resten av kvelden, då turen gjekk vidare til Peder og Kristin ved Blåtind.

Vi takkar for at dei valgte å ta turen innom oss og både håper og trur at dei hadde det kjekt!

For fleire bilder frå laurdagen, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

Facebookside har også M/S Veidar 1  "Godøya's røde rubin"

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove