Fotograf: Hallgeir Hove
Heile den supre gjengen samla til fotografering fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var mange som testa ut den 9 meter høge klatreveggen og kanskje også dei som sprengde grenser fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det skulle vise seg at denne gruppa, med Inge Sunde på laget, var dei som kunne mest om Stordal fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Full konsentrasjon og spente lagkameratar som tilskodarar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her er dei fornøgde vinnarane på gruppa som skulle vise seg å gjere det best samla sett fotograf Hallgeir Hove

Kjekt besøk frå Motor Forum Rørhuus

Laurdag 29. mars, var 27 medarbeidarar frå Motor Forum Ålesund på Stordalstur. Det var til Blåtind dei skulle, men som ein del av den sosiale turen sin hadde dei også lagt inn eit par timars stopp ved Stordalshallen. Det såg ikkje ut til at dei angra på det. 


Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.03.2014

Dei 27 deltakarane kom til Stordalshallen rundt kl 16.00 og etter litt orientering om opplegget og bildetaking, var ein så klar til å køyre i gong på slaget 16.30.

Gjengen var på førehand inndelt i høve til kva avdeling dei høyrde til, noko som gjorde at det passa bra med fem grupper. Desse gruppene konkurrerte så om å gjere det best innan fyljande aktivitetar: Skyting, minigolf, presisjonskast og quiz. Dei fekk 20 minutt på kvar stasjon, der også klatring inngjekk som den 5. stasjonen. For dei som ikkje klatra, var det både bordtennis og badminton i tillegg der.  

I klatreveggen var det Lottie Eisma (med hjelp av Jitte Eisma for å få rigga til klatretaua) og Hallgeir Hove som tok hand om instruksjonen, medan Lars Johan Nygård og Odd Einar Kalvø losa gruppene flott gjennom på skytebana.

Når så alle gruppene var ferdige med alt, var det på tide å avklare kven det var som hadde gått av med sigeren. Det heile vart rett så jamnt, men det skulle altså vise seg at ei av gruppene stakk av med sigeren med knappast mulig margin, der to andre grupper delte andreplassen berre eitt poeng bak.  

Vinnargruppa fekk sin velfortjente applaus til slutt og det gjorde forsåvidt også resten av gjengen. Samtlige gjorde framifrå innsats og vi har eit bestemt inntrykk av at dei hadde hygga seg under opphaldet ved Stordalshallen. Det var fleire som aldri hadde klatra tidlegare og det å få prøve å skyte med salonggevær var tydeleg også spanande greier. Den uhøgtidlege konkurransen, gruppene imellom, såg også ut til å falle i smak, sjølv om ikkje alle fekk gleda av å stå øverst på seierspallen.

Turen gjekk så vidare til Kristin og Peder ved Blåtind og for dei som har fått oppleve eit besøk der, så veit ein kor fantastisk flott det er. Vi føler oss difor rimeleg viss på at den supre gjengen kan konkludere med at dei hadde hatt ein flott tur til Stordal, denne laurdagen.

Vi nyttar høve til å takke for eit særs triveleg besøk! 

For mange fleire bilder frå opplegget, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove