Kjekt besøk frå tilsette ved Ålesund sjukehus.

Onsdag den 9. juni, vitja ei gruppe på omlag 30 tilsette frå Ålesund sjukehus, Stordalshallen. Besøket var ein del av ein sokalla blåtur. Hjå oss hadde gruppa valgt å vere med på skyting.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.06.2010
Fotograf: Hallgeir Hove
Ein super gjeng frå Ålesund sjukehus! fotograf Hallgeir Hove

Det var sjølvsagt mykje anna som stod på programmet for turen. Mellom anna var dei innom golf på Solnør og etter opphaldet ved Stordalshallen gjekk turen vidare til Tafjord.

I løpet av den relativt korte tida dei hadde på seg ved Stordalshallen, rakk ein å køyre gjennom, slik at alle saman fekk prøve ein serie med fem skot kvar. Skytinga inngjekk i lagkonkurranse og i tillegg vart det kåra ein vinnar. Det var Randi Bjelke, som gjekk heilt til topps og som premie vart det naturlegvis t-skjorte frå Stordalshallen. (sjå bildet)

At det var ein flott gjeng å ha på besøk, er det ingen tvil i og om kvar og ein av dei ikkje rakk å få med så mykje instruksjon/opplæring denne gongen, har ein inntrykk av at dei syntest det var stor stas å få prøve salonggeværa.

Ein rakk ikkje å få knipsa bilder frå sjølve skytinga, men eit fellesbilde til slutt, høyrer sjølvsagt med.

Takk for det kjekke besøket!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove