Fotograf: Hallgeir Hove
Flott pyramide fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jentene likte seg godt på teamtrack´n og fekk øvd inn mykje nytt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ikkje noko å utstetje på verken spenst eller bevegeligheit! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Prøv dette sjølv! fotograf Hallgeir Hove

Kjekt "englebesøk!"

I Ørskog IL, er det ei stor gruppe som driv med cheerleading. Angels, som dei kallar seg, har to lag med totalt 31 medlemmar. I går var mange av dei samla i Stordalshallen for å førebu seg til NM-kvalik i januar. Det var team-track´n dei nytta og etter det vi forstår vart det ei særs vellukka økt både for juniorane og for den yngste gruppa som kallar seg Peewee.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.11.2015

Peewee er jentene i aldersgruppa 5. til 6.klasse. Trenarar for dei, er Josefia Danielsen og Celina Gausnes Aasen. Det er 14 jenter med i denne gruppa. Dei eldste er med i juniorgruppa, som er frå 7.klasse til 10.klasse. Trenarar der er Thea Elise Vestre Aasen og Lene Viktoria Vindenes. Det er 17 jenter med i denne gruppa.

Dei skal prøve og kvalifisere seg til NM (kvaliken startar i januar) og difor sette dei stor pris på å få kome til Stordalshallen og trene på team-track`n. Dei må jobbe mykje framover, om dei skal ha nokon sjanse til å hevde seg, fordi cheerleading er ein sterkt veksande sport.

To stordalstauser er også med i Angels. Paula Løset Skodjereite er med i den eldste gruppa, medan Hester de Vrieze, er med i den yngste.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove