Kjekt lokallagstreff i Stordalshallen

Laurdag 25. august inviterte Mental Helse Stordal til lokallagstreff i Stordal. 30 deltakarar frå heile fylket var med og på programmet stod m.a. klatring, besøk i Rosekyrkja, quiz og anna kjekt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.08.2013
Fotograf: Alfhild Midtbust
Lokallagstreff Mental Helse, klatring fotograf Alfhild Midtbust

Lokallaget til Mental Helse i Stordal er verkeleg aktive og det å gjennomføre eit slikt treff meistra dei sjølvsagt også på utmerka vis. I tillegg til det høge aktivitetsnivået, laget kan vise til, har dei også ei flott nettside og også eiga facebookside. På den måten vert også mykje av alt dei held på med, dokumentert i form av flotte reportasjar.

Les reportasjen frå lokallagstreffet på nettsida til Mental Helse Stordal 

Les gjerne også meir om alt det flotte lokallaget står for elles

Vi har også tidlegare skrive om det flotte arbeidet Mental Helse Stordal legg ned. Her er nokre av desse reportasjane:

Mental Helse Stordal hadde den beste nettsida i 2012! 

Anna Margrethe Drægebø Moe, tildelt Inspirasjonsprisen!

Gratulerer med vel gjennomført loklallagstreff!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove