Fotograf: Hallgeir Hove
Det var mange av dei yngste som hadde lyst til å helse nærare på skodespelarane og dei spanande figurane deira fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nærare 50 små og store hadde det veldig kjekt og det var ikkje noko å seie på engsjementet blant publikum fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
God kontakt med publikum fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kongen får seg ei bøtte med vatn frå verdas ende fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Biblioteksjef, Bjørg Moltu, overrekkje gåver som dei to kan ha med seg i skipet vidare fotograf Hallgeir Hove

Kjekt med besøk av Askeladden og dei gode hjelparane hans

Askeladden Friteater hadde eit spanande konsept og har hausta mange lovord for forestillinga si om Askeladden og dei gode hjelparane. Vi var difor veldig glade for at det passa slik at dei kunne legge Stordal inn i turneplanen sin og forestillinga i kveld bidrog til å styrke vårt inntrykk ytterlegare. Kjekt var det også at over 50 små og store var på plass i Stordalshallen i kveld og vi kan trygt slå fast at dei absolutt ikkje vart skuffa. Om vi skulle gitt noko terningkast på dette, måtte det ha blitt like opp under sju!   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.09.2014

No skal vi ikkje kaste vekk tida på å gjenfortelje ei kjent og kjær historie, om skipet som gjekk like godt til lands og til vanns, og i lufta med, men vi slår fast at nettopp dette fekk dei to karane til på ein utmerka måte. Ispedd ein heil del artige poeng henta frå dagens verkelegheit, fekk vi vere med på heile reisa og som biblioteksjef Bjørg Moltu sa det til slutt; det var godt at Askeladden fekk prinsessa si også denne gongen.

Både lyd- og lyssetting, flotte figurar som var rett så levande og dyktige skodespelarar, gjorde dette til ein opplevelsesrik kveld for alle. Ein skal heller ikkje utelukke at slike opplevingar er med på å så eit frø i mange, der lysta til å vere med på å prøve å lage slikt sjølv, vert forsterka. No har vi dokketeater-oppsettinga til Stordal Bibliotek (som vi m.a. fekk oppleve i samband med Stordalscup) friskt i minne og det vi fekk vere med på i kveld er så absolutt noko "i same gate", om vi kan uttrykkje oss på det viset.

På vegne av alle som var på plass i kveld, nyttar vi høve til å takke Askeladden Friteater for ein særs kjekk kveld. Og så kan vi kanskje håpe på noko liknande ein gong i nær framtid, ja kanskje kan det også bli aktuelt for dei å ta turen hit for å lære oss meir om korleis vi kan lage teaterforestillingar? 

For fleire bilder frå den kjekke kvelden, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebook-side

Sjå gjerne også vår førehandsreportsje for meir

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove