Fotograf: Hallgeir Hove
Det var liten tvil i at deltakarane hadde hatt ei super økt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Gjengen klar til å teste ut kor langt dei kunne kaste fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var ein imponerande framgang å spore fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mot slutten av økta fekk alle prøve seg på å kaste over store avstandar, ute på bana fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Håvard Busengdal Hals (til høgre) vart kåra til Stordalsmeister, her saman med Noregsmeister Myrrusten frå Langevåg IL, diskgolf fotograf Hallgeir Hove

Kjekt med frisbeegolf!

Måndag 12. august var det frisbeegolf som stod på programmet under Barnas Supersommar og det var liten tvil i at deltakarane syntest det var stor stas å vere med. Frå Langevåg IL, diskgolf stilte Jostein Håland og Markus Myrrusten opp som instruktørar og gjorde ein framifrå innsats.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.08.2013

Langevåg IL, diskgolf, er leiande innan idretten i regionen vår og kan vise til ei rad toppresultat. Dei har også fått på plass eit topp anlegg og har stått bak fleire, såvel nasjonale, som internasjonale turneringar. Dei har eiga heimeside, der du kan få med deg meir om alt det dei står for. I tillegg er dei også å finne på facebook.

Dei to karane som var på plass i Stordalshallen har begge vist at dei høyrer til å landstoppen. Markus Myrrusten har blitt noregsmeister for junior og Jostein Håland har fleire topplasseringar også i internasjonale tevlingar.

I løpet av den vel to timar lange økta fekk deltakarane verkeleg ei lærerik og motiverande økt. I tillegg til at det heile var veldig kjekt, var det også plass for litt "kniving" deltakarane i mellom. Målet med diskgolf, som i vanleg golf, er sjølvsagt å klare løypa på færrast mogleg forsøk (les; kast). Eigen Stordalsmeister i frisbeegolf vart også kåra og det var "turisten" Håvard Busengdal Hals som gjekk av med sigeren, etter imponerande god kasting. Det vanka både flott oransje frisbee og Stordalshallen sin hals til vinnaren. I tillegg hadde Jostein og Markus endå fleire diskar som dei delte ut til deltakarane, etter loddtrekking. 

Felles for alle dei som var med var det at dei synte særs stor framgong og med tanke på at dette var nytt for alle, vart det eigentleg utruleg bra det dei etterkvart fekk til med disken. Det er nok også ganske så sikkert at det vert meir frisbeegolf på dei ivrige deltakarane i tida framover.

Stor takk til dei to karane frå Langevåg IL, diskgolf, for eit supert opplegg!  

For fleire bilder frå frisbeegolfen, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

I morgon (tysdag 13. august) held Barnas Supersommar fram med Elin Parr sitt fotoprosjekt. Dette går over to kveldar og er for dei frå 8. klasse og oppover. Elles satsar vi også å ha på plass eigen reportasje frå det kjekke danseopplegget sist laurdag, med det aller første.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove