Fotograf: Hallgeir Hove
Emma med 50 poeng av 50 mulige! fotograf Hallgeir Hove

Kjekt med rekrutteringsskyting!

Tysdag 17. mars, var siste kvelden med rekrutteringsskyting i regi av Stordal Skyttarlag. På den siste kvelden denne vinteren, var det som seg hør og bør uformell skytekonkurranse og premiering til alle.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.03.2015

Tysdag kveld var det klart for vinterens siste miniatyrskyting for rekrutter 10 år og eldre. Til liks med i fjor avslutta dei sesongen med ein uformell skytekonkurranse. Det vart meldt om særs god skyting og eit godt døme på dette, ser vi på det eine bildet frå den kjekke kvelden. Her ser vi nemleg Emma Søvik, med blinken sin. Når du har truffe alle dei små prikkkane som er midt inne i dei fem blinkane, ja då er det ikkje stort betre å gjere det då!  

På det andre bildet ser vi glade skyttarar med premier og gevær:
Bak f.v. Mikal, Oliver og Johannes
Framme f.v. Emma, Regine og Hester

På tysdagens uformelle konkurranse vart Emma beste skyttar i jenteklassa, og Oliver beste skyttar i guteklassa. Johannes og Hester fekk pris for beste skytestilling.

Sjå gjerne også reportasjen vi laga i fjor.

Vi gratulerer gjengen med flott innsats! Det er absolutt grunn til å tru at endå fleire vil vere med på dette flotte tilbodet i regi av Stordal Skyttarlag, når dei startar opp att til hausten. Anbefalast!
 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove