Fotograf: Hallgeir Hove
Ei av gruppene som var i aksjon i går kveld. Klart det var gøy! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Alfred Nilsen (Storfjordnytt) laga fin reportasje om dei to, då dei var på synfaring i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Plakat
Jan-Eric og Ingrid Beate kan sine saker, men du må ikkje tru at det berre er selskapsdans dei byr på! fotograf Plakat

Kjekt på dansekurs!

I går kveld starta Danseskolen opp med dansekurset sitt i Stordalshallen og det såg ut til at deltakarane hadde det særs kjekt. Så er dette heilproffe instruktørar også då. Etter planen skal kurset gå kvar torsdag framover, men Jan-Eric Fransson legg ikkje skjul på at det er viktig at endå fleire kjem med neste torsdag.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.09.2014

Totalt var det i overkant av 20 deltakarar i går kveld og det fordelt på fleire grupper. Fransson var kanskje mest overraska over at det var såpass få i den aller yngste gruppa. Dette er ei gruppe der det som regel alltid er flest deltakarar med.

Eit supert tilbod er dette iallefall og det er å håpe og tru, at endå fleire melder si interesse for å vere med. No er det kanskje dei som trur at dette er eit kurs i selskapsdans, slik de ser det i TV-ruta i "Skal vi danse?", men det er det absolutt ikkje. Etter det vi kan bedømme var det meir det ein kan kalle "Hip Hop" borna/ungdomane dansa i går kveld.

Les gjerne meir i vår førehandsreportasje. Mange av dykk har sikkert også fått med seg den kjekke reportasjen om dei to instruktørane, i Storfjordnytt.

For fleire bilder frå den første dansekvelden, viser vi til eit lite galleri på Stordalshallen si facebookside.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove