Fotograf: Hallgeir Hove
Super gjeng med speidarar frå Liabygda! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Helga Øvrebust veksla mellom å sikre i klatreveggen og å steike vaffler til dugnadsgjengen i tilbygget! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jostein (t.v.) og Nils Jørgen er flinke til å lære frå seg og ungdomane imponerte med skytinga si! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stas å katre til topps i veggen! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Einar Lied får med seg kva rute han bør velje. Kjell Mulelid (t.h.) kan det meste om klatring fotograf Hallgeir Hove

Kjekt speidarbesøk

Liabygda har ei særs aktiv speidargruppe og sist torsdag, var 14 av dei på plass i Stordalshallen for å teste ut klatreveggen og skytebana. I tillegg vart det også tid til litt uhøgtidleg konkurranse i minigolf og presisjonskasting. Team-tracken var også rigga til.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.03.2014

Det er ikkje til å legge skjul på at det er ekstra stas å få skyte med kaliber 22 på skytebana og kjekt var det også at det var liabygdarane Jostein Myrvang og Nils Jørgen Ringset som stod klare til å instruere der.

I klatreveggen var Helga Øvrebust på plass, saman med Kjell Mulelid og dels med underteikna som assistent. Dyktige instruktørar og ivrige ungdomar, gjorde også økta i veggen særs vellukka. Eit artig poeng denne kvelden var at Helga, i tillegg til å sikre i veggen, også fekk ordna med nysteikte vaffler og anna godt til karane som held på med dugnadsarbeid i tilbygget. Kjempeflott, eller kva? Denne gongen slapp ho rett nok å ha med rulllatoren når ho klatra til topps for å få klatretaua på plass! :)

I tillegg vart det tid til litt hopping og turning på team-track´n og innbyrdes konkurranse i minigolf og presisjonskastin av erterposar.

Det er Einar Lied, som er ein av dei som har hovudansvaret for denne fotte speidargruppa og han var ikkje dårlegare enn at han klatre heilt til topps i veggen. Han prøvde seg etterkvart også i ei av dei meir utfordrande rutene og både han og dei andre imponerte stort i veggen.

Lied meinte elles at det kanskje var han som hadde gått av med sigeren i minigolf, heilt til han fekk vite at målet var å klare dei fire stsjonane på færrast mogleg slag og ikkje flest mogleg.. :)

Eit triveleg besøk frå ein super gjeng med ungdomar frå Liabygda og det virka på oss som dei hadde hatt ein ny kjekk kveld i Stordalshallen. 

For fleire bilder frå speidarbesøket, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove