Klart for den 19. utgåva av Grendacupen!

Grendacupen i Stordalshallen vart første gong arrangert i 1996 og dermed vert årets utgåve den 19. i rekkja. Arrangørane dette året, kjem frå grenda Øvrebust og det heile skjer på fredag den 26. desember (altså 2. juledag).

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.12.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Hurra for Grendacupen! Her er det dei yngste fotballspelarane som var i aksjon i fjor fotograf Hallgeir Hove

Grendacupen er altså like rundt hjørnet – eit sosialt og populært innslag i juleveka.
Denne gongen er det Øvrebust som står som arrangør og arrangementet vert om lag slik det har vore siste åra, dvs ei rein fotballturnering.

Nedst på sida her finn de ein pdf, som seier meir om arrangementet og ikke minst finn du der også tidsplan for arrangementet. Vidare finn du namna på dei som er kontaktpersonar for dei ulike grendene. Det er supert om du tek kontakt så tidleg som mulig, om du har lyst til å vere med. Dette er ikkje minst viktig for at kontaktpersonane skal vite kor mange ein kan rekne med kjem til å stille.

Fyl med på Stordalshallen si facebookside for evt endå fleire detaljar, etterkvart.

I og med at dette er eit av våre mange tradisjonsrike arrangement, kan det kanskje vere kjekt med eit tilbakeblikk på tidlegare grendacupar. I vår reportasje frå sist jul, finn ein lenker ein kan fylje langt attende i tid.



 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove