Klart for den 7. utgåva av Stordalssamlinga i langrenn!

I morgon kveld vil, på ny, nærare 70 unge langrennsløparar frå heile fylket vårt innta Stordalshallen, når langrennsgruppa i Stordal IL står klare for å gjennomføre den 7. utgåva av Stordalssamlinga i langrenn. Vi minner også om at fristen for å melde seg på, går ut i dag!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.10.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Dei fleste deltakarane og instruktørane samla i Stordalshallen, under samlinga i 2013 fotograf Hallgeir Hove

For at du skal få kjennskap til kva desse samlingane inneheld - og kor kjekt deltakarane har det - kan eit tilbakeblikk vere på sin plass.

I vår reportasje frå i fjor haust, vil du finne lenker vidare til reportasjar (og masse bilder sjølvsagt!) frå alle dei tidlegare samlingane.

Meir info om samlinga denne helga, finn du også på langrennsgruppa si heimeside. M.a. info om korleis du melder deg på.

Til alle dykk som skal delta er dette berre å seie velkomen!

De kan gle dykk!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove