17. mai - tog, Dyrkorn 2007
Også i 2007 sytte veret for ei flott rame kring arrangementet. Her ser vi toget på Dyrkorn
Fotograf: Hallgeir Hove
Toget i Stordal på veg framover mot første stopp, Stordalstunet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Barnekor, eit av fleire innslag, som berre må vere med på ein dag som denne! fotograf Hallgeir Hove

Klart for ei ny, flott feiring av 17. mai!

Nasjonaldagsfeiringa på Dyrkorn og i Stordal er både innhaldsrike og flotte og årets arrangement ser ut til å fylje malen frå tidlegare år. I tillegg til den offisielle delen av feiringa, er det også i år klart for eigen Kulturkveld i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.05.2013

I år er det grenda Øvrebust som har ansvaret for den offisielle delen av dagen i Stordal, medan det på Dyrkorn er 17. mai-komiteen som tek hand om det heile.

Stordal Hornmusikklag stiller som vanleg opp og spelar i begge toga og elles både på Dyrkorn, ved Stordalstunet og ved Stordal bygdetun. I tillegg vil sjølvsagt også Stordal Skulekorps vere med på alt unnateke det som skjer på Dyrkorn. Vi er heldige som har to slike flotte korps! 

Nedst på sida finn ein plakatane både for det som skal skje på Dyrkorn og i Stordal.  

Ta gjerne eit tilbakeblikk på den særs flotte feiringa i fjor, der det var rekordstor deltaking både på Dyrkorn og i Stordal

I førehandsreportasjen vi laga til i fjor, finn ein også lenker til reportasjar frå feiringa i 2006 og til og med 2011. I tillegg, lenke til eigen reportasje om Stordalssongen. Lenke til reportasje om Sindre Helland som i over 10 år har pynta skredelaup med det norske flagget finn du og der.

Legg merke til at det også i år skal vere Kulturkveld i Stordalshallen, etter at den offisielle delen av feiringa er over. Det er som tidlegare Stordal ungdomsklubb, som står bak arrangementet der. Til liks med i fjor, er det dei to dugande ungdomane Jarl Anders Hjelle og Joakim Helgesen, som vert programleiarar. Vi vil m.a. få høyre barnekoret, Charis, G4, Jenny Sørås, Yoon Young Chang og Amalie Jacobsen Dyrkorn. I tillegg får vi eit gjensyn med folkedansgruppa for barn, som var oppstarta i 2012. I år som i fjor, vil Stordalshallen Lyd og Lys stille på med godlyd og skulekorpset vil nok ein gong friste med sitt unike kakebord!

Det er altså all grunn til å gle seg til ei ny suveren feiring av Nasjonaldagen, for både små og store!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove