Klart for endå meir futsal!

Til helga vil hundrevis av unge fotballspelarar i alderen 10 til 12 år innta Stordalshallen. Då går nemleg den første av vinterens fire futsalhelgar av stabelen. Totalt er heile 106 lag påmeldt til Sunnmøre Fotballkrets sin futsalserie. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.11.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Jenter frå Blindheim og Stordal jublar for SFK sin futsalserie, sist vinter fotograf Hallgeir Hove

Sunnmøre Fotballkrets gjentek altså suksessen frå sist vinter då ein for første gong fekk etablert ein omfattande futsalserie som femnar om heile kretsen sine 10, 11 og 12 åringar.

Kampane vert avvikla i idrettshallane rundt om på Sunnmøre og det er ikkje til å legge skjul på at dei mange som deltok sist vinter opplevde dette som særs kjekt. Også denne vinteren er det rekordstor deltaking, med heile 106 lag påmeldt! Les alt om futsalserien på Sunnmøre Fotballkrets si heimeside.  

Sjå heile kampoppsettet for meir! 

Sjå reportasjane våre frå sist vinter, med m.a. fleire bildegalleri frå dei kjekke futsalhelgane i Stordalshallen.

Det er fotballgruppa til Stordal IL som tek hand om arrangementa i Stordalshallen, noko dei har lang erfaring med. Sjå gjerne også reportasjen frå det flotte KM-arrangementet til fotballgruppa nyleg!

Stordal IL har med fleire lag også denne helga. På laurdag kan du få med deg både J 10, J 11 og J 12 og på søndag er det så G 10 med sine to lag som skal i aksjon. Som vanleg vert det også kafe i grendasalen og det kostar heller ikkje ei einaste krone å møte opp!

Velkomen til ei ny strålande futsalhelg i Stordalshallen!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove