Fotograf: Hallgeir Hove
Eit rekordlangt tog på veg opp Vinjebrauta i Stordal (2014) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Amalie Jacobsen Dyrkorn
Leikar høyrer med, når vi feirar nasjonaldagen vår. Her frå feiringa på Dyrkorn i fjor fotograf Amalie Jacobsen Dyrkorn
Fotograf: Hallgeir Hove
Vi har også i mange år hatt gleda av å få vere med på eigne kulturkveldar i regi av Stordal Ungdomsklubb. Slik blir det også denne gongen! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Amalie Jacobsen Dyrkorn
Langt og flott tog på Dyrkorn, også i fjor fotograf Amalie Jacobsen Dyrkorn
Fotograf: Hallgeir Hove
Sist gong dalingane hadde ansvaret for den offisielle delen av feiringa, var det m.a. mange supre leikar på stadion fotograf Hallgeir Hove

Klart for feiring av nasjonaldagen

17. mai-feiringa er eit av årets store høgdepunkt for både store og små og vi kan med rette hevde at det også i vår kommune verkeleg er flotte markeringar. Både på Dyrkorn og i Stordal er det på ny klart for storstilt feiring og begge stadar fyl ein malen frå tidlegare år.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.05.2015

Det er grenda Dalane, som har ansvaret for den offisielle delen av feiringa i Stordal dette året, og ser ein på programmet (eigen pdf, nedst på sida) vert det heile lagt opp slik det har vore gjort dei siste åra. Som vanleg går toget frå sentrum, via Stordalstunet og vidare til Stordal Bygdetun. Der vert det m.a. også tale for dagen. Det vert vidare Gudsteneste i Rosekyrkja og så samlast alle i Stordalshallen etterkvart, for leikar og anna kjekt.

På Dyrkorn fyl ein også malen frå tidlegare, på den store dagen. Dermed vert det m.a. tog frå Grendahuset og til Bakkeplassen, det vert open kafe og sjølvsagt mange kjekke leikar for barna.

Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps er på ny klare til å stille på, slik at det vert skikkeleg flotte 17. mai-tog både på Dyrkorn og i Stordal. På slike dagar vert ein minna ekstra på kor heldige vi er som har slike driftuge korps. Hipp, hurra!

Kulturkveld i Stordalshallen
Det har blitt ein fast og flott tradisjon at Stordal Ungdomsklubb inviterer alle til kulturkveld i Stordalshallen, etter at den offisielle delen av dagen er ferdig, både på Dyrkorn og i Stordal. Slik blir det også denne gongen, og som vanleg er det mykje flott å få med seg. Sjå plakaten som pdf nedst på sida.

Stordalssongen
I samband med Nasjonaldagen, er det ikkje til å legge skjul på at også Stordalssongen får ekstra stor plass i hjarta våre. Om du vil, kan du kikke nærare på eigen reportasje om denne kjære songen vår. Der vil du finne meir om bakgrunnen til songen, du kan høyre Tonika og Stordal Hornmusikklag framføre den og sjølvsagt finn du teksten til alle versa. Anbefalast!

Mange tidlegare reportasjar og bilder
Vi har laga mange reportasjar om dei flotte feiringane og om du vil kan du faktisk vere med på eit tilbakeblikk på alle feiringane attende til 2006. Etterkvart har det også blitt mange bilder, det kan vere kjekt å kikke på. Det er berre å fylje lenkene attende frå reportasje til reportasje og då vil ein også finne lenker til bildegalleri i tillegg.

Her er reportasjen frå sist gong dalingane hadde regien, nærare bestemt i 2009.

Då er det berre å gle seg til nye flotte feiringar og så kryssar vi fingrar for at vi også har "vergudane" med oss.


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove