Inge Smedts
Denne gongen er det den stjernesolist Inge Smedts, Nick Ost har fått med seg!
Plakat - Around the world
Berre å gle seg!

Klart for fleire solistar i verdensklasse!

Stordal Hornmusikklag er klare med ny konsert, laurdag 16. november. Nok ein gong kan vi gle oss til møte med stjernesolistar i verdensklasse, no med den belgiske fløytisten Inge Smedts på plass. Musikklaget vil ta oss med på ei musikalsk rundreise, der vi m.a. får møte amerikanske slavar på 1700-talet, vi får bli med på ein tur til det vakre franske området Auvergne, vi får oppleve fengande Spansk feber og mykje, mykje meir.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.11.2013

Mange av oss hadde gleda av å få delta på jubileumskonserten til Stordal Skulekorps, for to helgar sidan. Det vart ei einståande flott oppleving, men no er det altså klart for fleire konsertopplevingar.

Konsertane til Stordal Hornmusikklag har fått mykje flott omtale både på nettsida vår og i media. Musikklaget har gleda publikum i tiår, etter tiår og fleire gongar i året har dei varta opp med suverene konsertar både i Stordalshallen og andre stadar. Det unike med konsertane, etter at belgiske Nick Ost tok over som dirigent, er i tillegg at han har fått med seg musikalske vener frå både inn- og utland. Dette har vore solistar i verdsklasse og slik sett har konsertane vi har vore så heldige å få oppleve i lille Stordal, ikkje stått tilbake for noko, samanlikna med det ein kan oppleve frå verkeleg store konsertarenaer! For ganske nøyaktig eitt år sidan, var det m.a. solist på obo, Sander Teepen, som deltok. Den gongen hevda vi at framføringa av Gabriels obo, måtte vere noko av det vakraste som har vore framført i Stordalshallen si 16 årige historie.  (i reportasjen frå i fjor, finn du også lenker til ei rad andre konsertopplevingar med Stordal Hornmusikklag! Vel verdt å ta eit lite tilbakeblikk)

No er altså Stordal Hornmusikklag, med Nick Ost i spissen, klare til å gje oss ei ny suveren konsertoppleving. Denne gongen har dei fått med seg fløytesolisten Inge Smedts. Inge Smedts har master i fløyte frå Musikkonservatriet i Brussel. Ho har motteke ei rad med prisar og har vore solist for mange av dei Belgia sine beste orkester. Les meir om både Inge Smedts og konserten elles, i eigen omtale. Sjå pdf nedst på sida.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove