Stordalscup 2017 - Stordalshallen
Hallgeir Hove
Stordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik
Hallgeir Hove
Stordalscup 2017 - gladiatorkamp og bumperz
Hallgeir Hove
Stordalscup 2018 - grill
Hallgeir Hove
På Stordalscup si heimeside, kan du no m.a. sjå at det er opp mot 60 lag påmeldt. Tek vi med at alle desse laga har med seg sine ivrige supporterar, anten det no er foreldre, besteforeldre eller andre, ja då skjønar ein at det vert folksamt. Når ein vidare veit at veldig mange ynskjer å få med seg Stordalscup, utan å vere interessert i fotball i det heile, er det råd å forstå at det på det meste har vore nærare 7 000 besøkjande ei slik helg.
Stordalscup har sjølvsagt også eiga facebookside, du bør like.
Vi anbefaler også eit tilbakeblikk på tidlegare års arrangement. Om du tek deg litt tid til dette, vil du bli rimeleg imponert over kva Stordalscup har gitt oss av flotte opplevingar opp gjennom åra! (du finn reportasjar heilt tilbake til 2007)
Noko av alt det unike med Stordalscup, er den store frivillige innsatsen. Førebuingane har pågått lenge og no står eit heilt lokalsamfunn klar til å ta imot og vere vertskap for dei tusen på tusen av gjestar som kjem på besøk. Ja, vi snakkar faktisk om at rundt 20% av befolkninga stiller opp, i større eller mindre grad. Det er rett og slett imponerande!
Sjå gjerne også våre tidlegare førehandsreportasjar