Stordalscup 2013 - plakat
Stordalscup mykje meir enn fotball!
Fotograf: Hallgeir Hove
Under Barnas cupfredag vil du m.a. få oppleve unge band i aksjon på utescena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Heile 92 lag skal i akjson også denne gongen! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Gjer mange gode kupp på den store loppemarknaden! I tillegg til at grendasalen er full av lopper, vil ein også finne mykje (både møblar og anna) inne i idrettshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Noko av det nye denne gongen er at ein også får boltre seg i den flotte klatreveggen i Stordalshallen! fotograf Hallgeir Hove

Klart for folkefest!

Då er det berre fire dagar att til Stordalscup og nok ein gong kan ein konstatere at interessa for å delta er formidabel. Nærare 100 lag er påmeldt, noko som tilseier at det vert omlag 1 000 fotballspelarar i aksjon også denne gongen. I tillegg til all fotballen kan arrangørane vise til eit program så innhaldsrikt at det skal halde hardt å få med seg alt.  


Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.06.2013

Det innhaldsrike programmet er no distribuert utover til husstandane både i Stordal og i fleire av nabokommunane. Om du ikkje har fått det, kan du laste det opp som pdf-fil. Sjå nedst på sida. Det er grunn til å tru at de let dykk imponere av det heile. 

For meir om alt det som skal skje, viser ein til våre tidlegare reportasjar. 

Sjå også Stordalscup si heimeside. Der finn du også lenke til kampoppsettet for heile helga.

Noko av det som er nytt i samband med årets arrangement, er at alle som vil kan få prøve seg i den flotte klatreveggen inne i Stordalshallen. Der vil instruktørar frå klatreklubben vere på plass både laurdag og søndag. Om du vil klatre heilt til topps, eller berre prøve ut den nedre delen av veggen, bestemmer du sjølv.

I tillegg kan du vere med på mange andre konkurransar, som alle er gratis. Du kan prøve deg på bogeskyting, under leiing av Vestnes Bueskyttere, du kan gjere eit kupp på den store loppemarknaden (i Stordalshallen), du kan få med deg mange flotte kulturinnslag, besøkje dei mange standane (både inne i Stordalshallen og utanfor). For mange er sjølvsagt også eitt eller fleire tivoli-besøk eit "must".

På laurdagskvelden plar det kome nærare 1 000 gjestar til utedansen ved stadion, og med Stordal Dansebandforening på scena denne gongen, vert det truleg rekord!

Dette er berre litt av alt som skal skje og vi rår til at du studerer programmet nøye og på den måten får med deg mest mulig.

Stordalscup 2013 startar opp alt på fredagskvelden, og då med Barnas cupfredag. Det startar med karnevalstog kl 17.00. Toget går frå sentrum og til stadion, der det vert delt ut gratis is til alle barna. På utescena vil ein få oppleve barn og unge i aksjon. Mange av dei har vore med på seminara som har pågått i dagane før cuphelga i høve Barnas Supersommar. M.a. gjeld dette både songseminar og bandseminar. I tillegg opnar sjølvsagt også tivoliet opp fredagskvelden, du kan få med deg A-kampen mellom Stordal IL og Mauseidvåg/Sula IL og meire til.

Då gler vi oss på ny til folkefest tre dagar til ende!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove