Klart for Futsal-KM for senior til helga!

Stordal må finne seg i å bere favorittstempelet, når dei komande helg er eitt av laga som skal kjempe om vidare avansement til sluttspelet i Futsal-KM. Det er duka for mange spanande oppgjer i Stordalshallen, når dei 14 laga skal gjere opp seg i mellom på laurdag og søndag. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.11.2012
Fotograf: Vigdis Hove Øie
Meir jubel for denne gjengen til helga? fotograf Vigdis Hove Øie

Kampane i Stordalshallen startar kl 10.00 både laurdag og søndag. Ser ein på laga som skal delta, er det all grunn til å sjå fram til mange spanande oppgjer.

Etter at Blindheim IL har trekt laget sitt, har arrangørane laga nytt kampoppsett. Dette presenterer vi i eige vedlegg her. Sjå pdf nedst på sida. 

Totalt går altså 8 lag vidare frå Stordalshallen. Til sluttspelet, som skal avviklast i Gomerhallen på Skodje, kjem også dei 8 laga som går vidare frå Voldahallen.

Kva kan Stordal klare?

Det er altså på søndagen våre karar skal i aksjon og det er ikkje til å legge skjul på at det knyter seg forventningar til laget. I fjor gjekk dei heile vegen fram til finalen, der det vart eit knepe og noko "omdiskutert" tap mot Skarbøvik. Sidan den gongen har laget sikra opprykk til 4. divisjon og stiller kanskje endå betre rusta enn i fjor. På søndag kan du iallefall oppleve karane i aksjon i Stordalshallen! 

KM arrangementa i Stordalshallen

Tidlegare KM-arrangement i fotballgruppa sin regi, ber bud om ei flott helg i Stordalshallen. Om du vil, kan du lese reportasjane våre frå tidlegare års suksess-arrangement. Du finn lenker til desse i vår førehandsreportasje.

Mykje Futsal-stoff sjølvsagt også på Sunnmøre Fotballkrets si heimeside!

Vi ynskjer arrangørane og samtlege lag lukke til!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove