Fotograf: John Kristian Hjelle
Øvrebustarane gjekk sigrande ut av turneringa i 2010! fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Ingen har fleire sigrar i Grendacupen enn denne gjengen frå Liabygda! fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: Hallgeir Hove
Jonathan Parr har vitja Grendacup nærast kvart einaste år. Kjem han i år også tru? fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: John Kristian Hjelle
Alle spelarane frå 5. t.o.m 8. klasse saman med Jonathan i 2009 fotograf John Kristian Hjelle

Klart for Grendacup 2. juledag!

Fotballgruppa er klare til å arrangere Grendacup også denne gongen og som tidlegare, er det 2. juledag det heile skal skje. Først vert det turnering grendene imellom, for dei som er i alderen 5. t.o.m 8. klasse og så brakar det laus med for dei vaksne rett etterpå! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2012

Til liks med arrangementet i fjor, legg ein ikkje opp til så mange ulike aktivitetar som åra før, men like fullt er dette verkeleg stas. For den som ikkje skal delta ute på parketten, vil det bli kjekt å fylje med på det som skjer der og i tillegg slå av ein prat med dei mange som ein kanskje elles i året ikkje ser. (ja, og andre også for den del..)

Grendacupen vart arrangert for første gong i 1996 og nedanfor ser du kven som har vunne fotballturneringa frå då og fram til no:

1996: Nejaføringane
1997: Nejaføringane
1998: Nejaføringane
1999: Vinjehjellane
2000: Liabygda
2001: Vinjehjellane
2002: Liabygda
2003: Liabygda
2004: Liabygda
2005: Liabygda
2006: Liabygda
2007: Liabygda
2008: Liabygda
2009: Liabygda
2010: Øvrebust
2011: Vinjehjellane

Du finn meir informasjon om Grendacup 2012 i eigen plakat og i kampskjema vedlagt

Om det er meir de lurer på i høve arrangementet, kontakt arrangørane på tlf 936 77 161

Møt fram og bli med!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove