Fotograf: Hallgeir Hove
Alltid mykje folk på plass når det er helselagsbasar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jonas les opp vinnartala fotograf Hallgeir Hove

Klart for helselagsbasar nr 103!

Førstkomande fredag, altså den 1. april, er det på ny klart for helselagsbasar. Den over 100 år gamle tradisjonen vert dermed helden ved like og som tidlegare er det første fredagen etter påske som gjeld.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.03.2016

Det er all grunn til å hevde at helselagsbasarane i Stordal er av det unike slaget. Ikkje berre kan vi sjå attende på ein tradisjon som strekkjer seg over 100 år attende i tid, men i tillegg er interessa for å vere med stadig like stor. Når vi snakkar om å vere med, gjeld det alt frå det å arrangere, bidra med gevinstar og ikkje minst stille opp og kjøpe lodd og årar.  

Ein annan fast tradisjon har det også vore at Stordal Hornmusikklag stiller opp og står for musikalske innslag undervegs.

Sjå gjerne reportasjen vår frå basaren i fjor, for meir. Då vil du også finne lenker til mange andre kjekke reportasjar om det supre helselaget vårt! M.a. har vi reportasje frå den flotte jubileumsfesten i mars 2014. Den gongen markerte laget at dei passerte 100 år!

Arrangørane har også laga ei eiga hending på facebook, slik du kan melde din ankomst. Ikkje minst kan du også dele hendinga med alle vennane dine på facebook og dermed bidra til at flest mulig får med seg det heile. Flott, ikkje sant?

Då satsar vi på at alle er på plass i Stordalshallen til kl 18.00 på fredag då!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove