Klart for helselagsbasar

Fredag 5. april er det på ny klart for helselagsbasar i Stordalshallen. Stordal Helselag har i alle år hatt tradisjon med å avvikle denne, første fredagen etter påske og slik vert det altså også denne gongen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.04.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Helselagsbasarane er samlande på alle vis. Her frå basaren i 2011 fotograf Hallgeir Hove

Stordal Helselag sin basar er på sett og vis heile lokalsamfunnet vårt sin basar, der bygdefolket stiller opp i stort mon, både i form av å stelle i stand, i form av å få på plass gevinstar og ikkje minst i form av å kjøpe årar og lodd i stort mon. Pengane som kjem inn går attende til ei rad flotte føremål som kvar på sitt vis bidreg til ei betre folkehelse.

Det er oppretta ei eiga hending på facebook, der du kan melde din ankomst. Sjølvsagt er det fint om du vil gjere nettopp det og gjerne også invitere så mange du klarer til å delta.

Basaren startar kl 18.00.

Har du enno ikkje bestemt deg for å vere med? Då bør du lese vår tidlegare reportasje om helselagsbaren og den sentrale rolla Stordal Helselag har spela i lokalsamfunnet vårt, i nærare 100 år no! Du finn meir om dette og lenker til tidlegare helselagsbasarar her.

Då sjåast vi fredag kveld!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove