Klart for hornmusikkbasar på fredag!

Fotograf: Bjørg Jacobsen
fotograf Bjørg Jacobsen

Den årvisse basaren til Stordal Hornmusikklag går av stabelen på førstkomande fredag, 15. januar. Det blir også denne gongen minikonsert i tillegg og som vanleg byr arrangørane på eit alldeles einståande kakebord.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.01.2016

Det er veldig kjekt å få med seg basarane til Stordal Hornmusikklag og ekstra kjekt er det å vite at dei inntektene dei dugande musikantane får inn på kveldar som dette, er ganske så avgjerande for at dei i det heile kan halde hjula i gong.

Sjå eigen plakat som pdf nedst på sida!

Sjå reportasjen i etterkant av basaren i 2015

Sjå også førehandsreportasjen frå 2015, som også tek deg med på eit tilbakeblikk på mykje anna flott hornmusikken har gitt oss i seinare år.

Møt opp på fredag og bli med på dette særdeles trivelege og sosiale arrangementet, som samlar mange både små og store!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove