17. mai - tog, Dyrkorn 2007
Det staselege toget på Dyrkorn, i flotte omgivelsar. (2007)
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordal er det Stordal Bygdetun som er samlingsplass, etter at ein er ferdig med å gå i tog fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Under kulturkvelden i Stordalshallen, får vi m.a. på ny oppleve festkledde songarar frå Stordal Barnekor på scena fotograf Hallgeir Hove
Grunnlovsjubileet 1814 - 2014
Grunnlovsjubileet 1814 - 2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Det er ordføraren vår som også skal vere programleiar under kulturkvelden i Stordalshallen. Her i front, saman med flaggberarane, for to år sidan fotograf Hallgeir Hove

Klart for jubileumsfeiring!

Dei fleste har nok alt fått med seg at det i år er 200 år sidan Norge fekk si eiga Grunnlov. Årets Nasjonaldagsfeiring vert dermed ein ekstra stor dag for oss. Det vert arrangement både på Dyrkorn og i Stordal, etter mal frå tidlegare, og dermed kan både små og store verkeleg gle seg!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.05.2014

Det er Nejaføringane, som har ansvaret for den offisielle delen av feiringa i Stordal, dette året og ser ein på programmet vert det heile lagt opp slik det har vore gjort dei siste åra. Som vanleg går toget frå sentrum, via Stordalstunet og vidare til Stordal Bygdetun. Der vert det m.a. også tale for dagen.  Det vert vidare Gudsteneste i Rosekyrkja og så samlast alle i Stordalshallen etterkvart, for leikar og anna kjekt. På Dyrkorn fyl ein også malen frå tidlegare, på den store dagen. Dermed vert det m.a. tog frå Grendahuset og til Bakkeplassen, det vert open kafe og sjølvsagt mange kjekke leikar for barna.

Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps er på ny klare til å stille på, slik at det vert skikkeleg flotte 17. mai-tog både på Dyrkorn og i Stordal. På slike dagar vert ein minna ekstra på kor heldige vi er som har slike driftuge korps. Hipp, hurra! 

STORDALSSONGEN

I samband med Nasjonaldagen, er det ikkje til å legge skjul på at også Stordalssongen får ekstra stor plass i hjarta våre. Om du vil, kan du kikke nærare på eigen reportasje om denne kjære songen vår. Der vil du finne meir om bakgrunnen til songen, du kan høyre Tonika og Stordal Hornmusikklag framføre den og sjølvsagt finn du teksten til alle versa. Anbefalast!

GRUNNLOVSJUBILEET

Det har naturleg nok vore stortstilt markering av jubileumsåret over heile landet og på Stortinget si heimeside, kan ein lese mykje meir om dette. 

I jubileumsåret kan vi også sjå attende på fleire flotte lokale arrangement, ikkje minst familieframsyninga "Hipp Hurra" med Astrid Overaa i spissen.

Her er fleire tidlegare reportasjar:

Storstilt markering av grunnlovsjubileet (31. jan 2014)  

Torsdag 11. mars vart det også arrangert drøymekveld på frivilligsentralen i Stordal, og nærare 40 frammøtte fekk med seg dette arrangementet som var eit samarbeid mellom Mental helse, Stordal bibliotek og Stordal frivilligsentral.


KULTURKVELD I STORDALSHALEN 

I samband med kulturkvelden, som det tradisjonen tru er Stordal Ungdomsklubb som står bak, vil ein også ha ekstra fokus på 200 års jubileet. Vi vil som vanleg få mange flotte innslag frå scena, der vi m.a. får oppleve gruppa JARM (representerte Stordal kommune under Fylkeskulturmønstringa tidlegare i år), Folkedansgruppa for barn, Jenny Sørås (også ho med på Fylkeskulturmønstringa og nyleg også solist under den flotte vårkonserten til Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps) og sjølvsagt Stordal Barnekor!

Det er ordførar Charles Tøsse som skal vere programleiar og leiar ved Stordal frivilligsentral, Bjørg Jacobsen, vil framføre ein eigen prolog i høve jubileet. Dette er ein prolog, felles for - og skriven av - alle frivilligsentralane på Sunnmøre. Ikkje minst gler vi oss også til å få oppleve ein eigen bildekavalkade med bilder frå 17. mai arrangementa på Dyrkorn og i Stordal tidlegare på dagen. 
 

For meir om 17. mai feiringa, både på Dyrkorn og i Stordal, med klokkeslett og det heile, viser ein til programma presentert som eigne pdf-ar, nedst på sida.

Vi har all grunn til å vere stolte over måten vi feirar Nasjonaldagen vår på her i kommunen og eit tilbakeblikk på både arrangementa i fjor og tidlegare år, er absolutt verdt det!

17. mai 2013            Tilbakeblikk på tidlegare feiringar

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove