Klart for lokalmønstring i Stordalshallen!

Fotograf: Bjørg Jacobsen
fotograf Bjørg Jacobsen

Søndag 15. februar er det klart for ny lokalmønstring i UKM i Stordalshallen. Det heile startar kl 18.00 og som tidlegare år, er det 10. klasse ved Stordal skule som står som arrangør.

Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 13.02.2015
Logo UKM 2015
Logo UKM 2015

Arrangørane er godt i gang med førebuingane og det er heile 29 deltakarar påmeldt til mønstringa. Alt fredag startar tilrigging til arrangementet, der dei i samarbeid med komiteen for årsfesten vil sette opp scene og lage ei flott ramme kring mønstringa, både for deltakarar og publikum. Det vil også vere kafé under arrangementet.

Blant deltakarane er det både sceneinnslag med song og dans, samt kunstinnslag som vert vist fram i eiga utstilling.

UKM (Ungdommens Kulturmønstring) er mange små lokale mønstringar der ungdom kan delta med alle typar kulturuttrykk. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar vidare til ei fylkesmønstring som representantar for si kommune. Kvart fylke sender deretter omlag 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen. I år har UKM 30-årsjubileum!

Her kan du lese om lokalmønstringa i 2014.

I denne artikkelen kan du lese meir om UKM i Stordal og om tidlegare mønstringar.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove