Klart for lokalmønstring!

Søndag er det klart for ei av dei store hendingane, når 10. klasse inviterer til lokalmønstring av UKM. Det vert m.a. stor scene og trosserigg med mykje lyd og lys og som vanleg er deltakinga god, med heile 23 påmeldte fordelt på 19 innslag.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.02.2013
Fotograf: Privat
10. klasse ved Stordal skule er klare til å ta imot dykk i Stordalshallen på søndag! fotograf Privat

Interessa for UKM har alltid vore stor i Stordal, både i høve til det å delta og når det gjeld publikumsoppslutning. Etterkvart som Stordalshallen har fått på plass både sveivetårn, trosserigg og stadig meir lyd- og lysutstyr, har det blitt naturleg å nytte idrettshallen også til desse arrangementa. Den store interessa frå publikum har også medført at det rett og slett ikkje vert plass til alle i grendasalen. 

I vår tidlegare førehandsreportasje peika vi på at Stordal verkeleg er ei UKM-kommune, der vi m.a. har hatt med deltakarar på Landsfinalen heile fem av dei sju siste åra! Sjå gjerne meir om dette og anna der.

Vi laga også ein førehandsreportasje for ei veke sidan. Sjå gjerne den og!

No er altså nye unge klare til å vise oss kva dei kan, både frå scena og i form av utstilllingar. Det er difor all grunn til å sjå fram til ein flott søndagskveld i Stordalshallen.

På nettsida til UKM finn du oversikt over alle dei som skal delta.

Sjå også det flotte programheftet arrangørane har laga. Pdf nedst på sida her.

I tillegg til alt det flotte ein får oppleve, vert det sjølvsagt også, som vanleg, eit makelaust kakebord. Lokalmønstringa startar kl 18.00 og vi oppmodar publikum til å vere tidleg ute, for å sikre seg "orkesterplass!" 

Arrangørane har (som vanleg) også mange gode, lokale sponsorer som støtter UKM. Dermed vert det m.a. også trekt ut mange flotte gevinstar på inngongsbillettane!

Billettprisar: Born kr 30,-, Vaksen kr 50,- og Familie kr 100,-


VELKOMEN TIL NY LOKALMØNSTRING I UKM-KOMMUNEN STORDAL! 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove