Klart for nasjonaldagsfeiring både på Dyrkorn og i Stordal

17. mai 2017 - Stordal - Klikk for stort bilde17. mai 2017 - Stordal Hallgeir Hove

Feiringa av 17. mai er eit av årets store høgdepunkt for både store og små og vi kan med rette hevde at markeringane er flotte, også i vår kommune. Både på Dyrkorn og i Stordal er det på ny klart for storstilt feiring og begge stadar fyl ein malen frå tidlegare år.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.05.2018

17. mai 2017 - Dyrkorn - Klikk for stort bilde17. mai 2017 - Dyrkorn 17. mai 2017 - leikar på stadion - Klikk for stort bilde17. mai 2017 - leikar på stadion Hallgeir Hove 17. mai 2017 - leikar på stadion - Klikk for stort bilde17. mai 2017 - leikar på stadion Hallgeir Hove 17. mai 2017 - Kulturkveld i Stordalshallen - Klikk for stort bilde17. mai 2017 - Kulturkveld i Stordalshallen Hallgeir Hove

På Dyrkorn vert det tog frå grendahuset og til Bakkeplassen, med start kl 14.00. Tradisjonen tru, vert det leikar for store og små, gryterett, is, pølser og kaker. (Etter det vi forstår, vert det høve til å få kjøpe seg mat før toget startar)

I Stordal vert det også feiring på tradisjonelt vis. Som vanleg går toget frå sentrum, via Stordalstunet og vidare til Stordal bygdetun. Der vert det m.a. også tale for dagen. Det vert vidare gudsteneste i Rosekyrkja og så samlast alle i Stordalshallen og på Kirkebø Stadion etterkvart, for leikar og anna kjekt. Frå kl 17.00 vert det kulturkveld i Stordalshallen. Det er også i år Stordal ungdomsklubb som står bak den.

Sjå plakat for programmet i Stordal (JPG, 2 MB)

 

Stordalssongen
I samband med Nasjonaldagen, er det ikkje til å legge skjul på at også Stordalssongen får ekstra stor plass i hjarta våre. Om du vil, kan du kikke nærare på eigen reportasje om denne kjære songen vår. Der vil du finne meir om bakgrunnen til songen, du kan høyre Tonika og Stordal Hornmusikklag framføre den og sjølvsagt finn du teksten til alle versa.

Her er elles tekstane til allsongen på nasjonaldagen vår (JPG, 446 kB)

 

Mange tidlegare reportasjar og bilder
17. mai i Stordal og på Dyrkorn, er storslåtte greier og vi har laga reportasjar frå feiringane dei siste 12 åra. Strålande 17. mai i fjor!  Ja, det var faktisk ein strålande 17. mai i 2017 og sjå gjerne reportasjen frå den gongen og også tilbakeblikk på alle nasjonaldagsfeiringane heilt tilbake til 2006. 

 

Då er det berre å gle seg til nye flotte feiringar og så kryssar vi fingrar for at vi også har "vergudane" med oss.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove