Klart for ny, flott lokalmønstringa av UKM!

10. klasse 2017 - UKM - Klikk for stort bilde10. klasse 2017 - UKM Hallgeir Hove

I dag er det berre seks dagar att til 10. klasse kan opne dørene til nok ei flott lokalmønstring av UKM. Det skjer altså på søndag 19. februar og dørene opnar kl 17.00. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.02.2017

UKM - Stordal med høgst deltaking i landet - Klikk for stort bildeUKM - Stordal med høgst deltaking i landet Jenny Kristin Langlo, UKM 2009 - Klikk for stort bildeJenny Kristin Langlo, UKM 2009 Hallgeir Hove UKM 2016 - alle på scena - Klikk for stort bildeUKM 2016 - alle på scena Hallgeir Hove UKM 2015 - Eirin Renate Reite Wiik er ei av dei som har laga mykje flott dei siste åra - Klikk for stort bildeUKM 2015 - Eirin Renate Reite Wiik er ei av dei som har laga mykje flott dei siste åra Hallgeir Hove

Elevane i 10. klasse har arbeidd med arrangementet lenge og no er alt klart til årets kulturmønstring.

Det er ein eigen jury som skal vurdere alle innslaga og m.a. gje kvar enkelt ei tilbakemelding. Juryen denne gongen er samansett slik: Maria Holand Tøsse, Joakim Helland Helgesen og Ola Stavseng.

Sjå gjerne vår tidlegare førehandsreportasje. Der kan du også ta eit tilbakeblikk på lokalmønstringar tidlegare år. Du kan lese at Stordal kommune verkeleg er ei UKM-kommune, der vi m.a. kan vise til at vi var representert i det som kan kallast landsfinalen, heile fem gongar i løpet av ein sjuårs-periode. Vidare kan vi vise til at det knapt fins noko anna kommune som har slik høg deltaking som det vi har hatt.

Også årets lokalmønstring kjem til å bli skikkeleg flott, med m.a. heile 11 innslag frå scena og eiga kunstutstilling. Nokre overraskingar trur vi ganske sikkert at det blir! Heile 33 unge var registrert påmeldt, då vi var innom og sjekka i går. Dette er eineståande bra!

Til liks med i fjor, er det strandaren Lasse Døving som har ansvaret for lyd og lys. Dette blir kanonbra!

Arrangørane har oppretta ei eiga hending på facebook og då er det berre å like og dele, folkens! (er det ikkje det det heiter?)

Eigen songworkshop ved ungdomsklubben søndag 12. februar!

 

Stordalshallen med eige jubileumslotteri der inntektene går til innkjøp av meir utstyr
På lokalmønstringa vert det høve til å få kjøpe slike lodd og trekninga av premiar til ein verdi på over kr 30.000 til saman, finn stad rett etter Årsfesten den 25. februar.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove