Fotograf: Bjørnar Midtbust
Frå Stordalscup 2014 fotograf Bjørnar Midtbust
Stordalscup 2015 Program s 1
Stordalscup 2015 Program s 1

Klart for ny folkefest!

I skrivande stund, er det kun timar att til den 35. utgåva av Stordalscup vert sparka i gong. Det startar med stort karnevalstog frå sentrum til stadion, på fredag kl 17.00 og så går det slag i slag, heile helga til endes! Sjekk det innhaldsrike programmet!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.06.2015

Også denne gongen vert dei ein aldri så liten invasjon av aldersbestemte fotballspelarar, med heiagjengar og støtteapparat på slep. Men om det framleis er nokon som trur at dette berre er ei fotballturnering, oppmodar vi på det sterkaste til å kikke på programmet. Stordalscup har nemleg noko for ein kvar smak og det uansett alder og interesser. Det er nok mange som er innom Stordalscup utan i det heile å ha sett ein einaste kamp ute på kunstgraset.

For å få eit endå betre inntrykk av kva Stordalscup er for noko, og kva som er forklaringa på at det kvart år er over 7 000 personar som vitjar arrangementet, kan det kanskje vere greit å ta eit lite tilbakeblikk på tidlegare år. Det kan du gjere om du går attende til vår tidlegare førehandsreportasje!

Sjå også programmet for årets folkefest i si heilheit, som pdf nedst på sida.

STORDALSCUP (heimeside)

STORDALSCUP (facebook)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove