Fotograf: Maria Holand Tøsse
Her ser vi dei fleste som deltok på den første festivalen i 2011 fotograf Maria Holand Tøsse
Fotograf: Marita Ekroll
Den nederlandske standen i 2011 fotograf Marita Ekroll
Bulent og Ilyas på den tyrkiske standen hadde mykje godt...
Den tyrkiske standen i 2012. Sjå mange fleire flotte bilder, i våre reportasjar frå 2011 og 2012

Klart for ny internasjonal kulturfestival!

Laurdag 12. september er det - på ny - klart for Internasjonal kulturfestival i Stordal. Dermed vert suksessen frå tidlegare år gjenteken, men denne gongen legg ein opp til å gjennomføre det heile i og omkring Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.09.2015

Barnas kommune inviterer innflyttarar frå ulike nasjonar til å syne fram særpreg frå sin kultur! Tidlegare har vi arrangert kulturfestival i 2011 og 2012, noko som var ein kjempesuksess, så vi håper å få med mange ulike nasjonar også denne gongen. Målet er vise fram mangfaldet vi har i kommunen, og bli betre kjend med kvarandre, samt tradisjonar og menneske frå ulike nasjonar – også frå Norge.

Vi håper at også du og eventuelt andre frå ditt heimland vil vere med å skape fellesskap, og knytte nye venskap i Stordal denne dagen! Kvar nasjon blir oppmoda om til å stille på festivalen, og ”lage” sin eigen stand i Stordalshallen. Kva de vil vise fram er opp til de sjølve - standen kan innehalde alt frå mattradisjonar, utstilling, klede, bilder/ film og anna.

Vi håper også at nokon har lyst å stille opp med litt underhaldning, gjerne song, musikk eller eventyrforteljing. På stadion vil vi lage til ulike leikar for barn og vaksne – her hadde det også vore kjekt med leikar frå andre land! Vi sett stor pris på idear og forslag og sjølvsagt om du har noko å bidra med!

Om nokon føler at det er vanskeleg å stille opp, fordi dei er få frå den aktuelle nasjonen, kan de gjerne ta med venner frå nabokommunane, eller spørje andre de kjenner. Eventuelt kan de ta kontakt med oss, så hjelper vi gjerne!

Barnas kommune vil også stille med eigen stand, der det m.a. vil vere familiequiz.

I og med at det er kommune- og fylkestingsval denne hausten, har vi også invitert dei politiske partia i Stordal til å vere med.

Vi ønskjer at DU som les dette, vil ta kontakt med andre frå din nasjon, slik at de i fellesskap kan vise fram tradisjonar frå dykkar land! Om du ikkje er sikker på kven andre som bur i Stordal frå ditt heimland, kan du ta kontakt med Bjørg Jacobsen. Kontaktinformasjon står under.


BLIR DU MED?

Fint om vi kan få tilbakemelding om de vil vere med. I eigne brev sendt ut, sette vi fristen til tysdag 1. september, men ta gjerne kontakt med oss også etter den datoen.

Ta gjerne kontakt også om de har spørsmål!

Send e-post til bjorg.jacobsen@stordal.kommune.no  eller ring ho på telefon 905 29 164.

 
Sjå reportasjen vår i samband med den flotte kulturfestivalen i august 2011

Sjå reportasjen vår i samband med den flotte kulturfestivalen i august 2012

Sjå gjerne også dette omfattande bildegalleriet frå kulturfestivalen i 2011 på Barnas kommune si facebook-side

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove