Sommarshow med BIG Valley VOICES
Dei 23 damene, i lag med Maria, er klarer for Sommarshow!
Fotograf: Hallgeir Hove
Frå premierekonserten i januar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var så fullt i grendasalen på den første konserten til BIG Valley VOICES, at dei no ikkje vågar anna enn å rigge opp inne i idrettshallen! fotograf Hallgeir Hove

Klart for ny konsert med BIG Valley VOICES!

Søndag 21. juni inviterer dei elleville damene i BIG Valley Voices til Sommarshow i Stordalshallen! Alle som fekk oppleve premiere-konserten dei hadde i januar i år, veit godt kva ein har å gle seg til. Søndag kl 19.00 står damene klare på scena på ny og då bør du vere på plass! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.06.2015

Vi har saksa fyljande frå koret si facebookside og reknar med at de kan vere samd i at dette høyrest rett så flott ut!

"Damene er klare for å gi deg ein splitter ny konsert etter den suksessfulle premiera i vinter. BIG Valley VOICES lovar eit variert program, med kjente og kjære låtar. Du får servert gamle, gode klassikarar og nye, freshe feststemte hits! Konserten passar heile slekta og vennegjengen. Vi kan melde om ny solistrekord, og enda fleire kjentfjes på scena.

Dei 23 kordamene og kormotivator Maria Holand Tøsse er etter eit halvt år med intens øving klar for å gi publikum ei kulturoppleving. Vi skal sørge for at du får tatt i bruk gåsehuda di, tårene, rockefoten, lattermusklane og applaushendene!"

Gå inn på facebooksida til det flotte koret vårt og les meir. Der kan du også melde frå at du blir med og ikkje minst kan du invitere alle venner og kjente med deg på konsert!

Du må gjerne også sjå reportasjen vi laga i etterkant av premiere-konserten deira i januar. Der finn meir førehandsstoff, m.a. også fin reportasje i Storfjordnytt.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove