Klart for ny Stordalssamling i langrenn!

Langrennsgruppa i Stordal IL er klar til å ta imot utøvarar frå heile fylket, når dei for 6. gong arrangerer den særs populære Stordalssamlinga, neste helg. Frå og med fredag 4. til og med 6. oktober, vil 60-70 spreke langrennsløparar innta Stordal og Stordalshallen og det er litt av eit program dei får vere med på!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.09.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Gjengen som var med på Stordalssamlinga i 2011, samla inne i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove

Vi har tidlegare laga mange reportasjar om desse flotte samlingane der unge lovande langrennsløparar frå heile fylket deltek. Ja, faktisk er det ikkje uvanleg at utøvarar frå nabofylka våre også er med, når langrennsgruppa i Stordal IL inviterer.

Base for samlinga er Stordalshallen og mange spanande økter vert gjennomført der, i tillegg til at det er der alle saman bur. Matservering og det sosiale elles, vert også der.

Det vil nok også bli ekstra mange rulleskiløparar langs vegane i Stordal og området rundt, i samband med Stordalssamlinga og difor naturleg å oppmode oss bilistane om å ta omsyn til nettopp det.

I reportasjen vår frå samlinga i fjor, finn du også lenker som gjer at du kan ta ei tilbakeblikk på alle dei tidlegare suksessamlingane! Der vil du sikkert også finne lenker til andre liknande samlingar, ikkje minst dei flotte samlingane for alpinistane i kretsen vår.

På Møre og Romsdal skikrets si heimeside ligg det også mykje info om samlinga, m.a. korleis du kan melde deg på. (men det har nok dei fleste alt gjort, vil vi tru!)

VELKOMEN TIL STORDAL!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove