Klart for ny vedlikehaldsdugnad!

Dugnad, hausten 2006, Einar og Sondre - Klikk for stort bildeDugnad, hausten 2006, Einar og Sondre Hallgeir Hove

Sist veke vart det sendt ut invitasjon til lag og organisasjonar som i større eller mindre grad nyttar Stordalshallen i det daglege. Det handlar om noko så kjent som dugnad og som vanleg er det slik at når ein fordeler arbeidet på mange, vert det lite på kvar gruppe/person.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.03.2018

Vedlikehaldsdugnadane ved Stordalshallen har lange tradisjonar. No er det om hausten desse som oftast er blitt gjennomført. Men dette året, er det mykje som talar for at det passar best om våren. Ikkje minst er det som alle veit slik at vi skal arrangere Fylkesfestivalen av UKM siste helga i april og kva er vel kjekkare då, enn at storstova vår kan vere i best mulig stand også reint estetisk. (reknar elles med at alle er innforstått med at det den siste veka før dette svære arrangementet, ikkje blir aktivitet som normalt i Stordalshallen)

 

Det er heller ikkje til å legge skjul på at det – for ein del av det arbeidet som må utførast – er på høg tid å få dette gjort.

 

Som tidlegare har vi laga ei oversikt over arbeid som bør prioriterast no og så kan sjølvsagt gruppene som får denne e-posten kome med forslag om endå meir.

 

Det er sjølvsagt dei faste brukargruppene som vert invitert til å stille på, då vi reknar med at dette vert sett på som å vere til felles beste. No er det slik at korpsa våre har folk med stor kompetanse på dette med reinhald og dermed er det veldig naturleg at vi utnyttar dette. Då tenkjer vi på at skulekorps og hornmusikk vert invitert/oppmoda til å seg av nedvasken av kjøkken og kanskje meir til, og vidare at andre som tek på seg nettopp nedvask kan få nyttegjere seg av denne ekspertisen i sitt arbeid. Utover dette er det også slik at vaktmeister Jøran, er rett person å kontakte når det gjeld detaljar kring arbeidet som skal utførast. Det er naturlegvis også heilt avgjerande at det er nokon som leiar arbeidet og som ser til at alt skjer i trygge former.  

 

Her er ei oversikt over dei ein har invitert med denne gongen:

 

Stordal IL, fotballgruppa v/Morten Tvervåg
Stordal IL, barneidretten v/Elisabeth Nerland Vad
Leik for dei yngste v/Elin Storheim
Pensjonistlaget v/Ann Elise Dyrkorn
Stordal Folkedanslag v/Ragnhild Flåen
Stordal Skulekorps v/Hilde Rødset
Stordal Hornmusikklag v/Torill Brastad
Mental Helse v/Anna Margrethe D Moe
Stordal Helselag v/Inger Lianes
Stordal Skyttarlag v/Stig Falling
Stordal Pistolklubb v/Anne Berit Nyli

 

Vi satsar på å få arbeidet gjennomført i veke 15 (altså frå den 9. t.o.m den 13. april) men då sjølvsagt slik at det som bør gjerast med stolar og bord og elles nedvask og rydding av lager, vert utført i samband med at alt vert rigga til konserten den 22. april. (den opprigginga startar onsdag den 18. april og då vert dette ståande framme til over Fylkesfestivalen av UKM, siste helga i den månaden)

 

Når det gjeld skytebana, er det naturleg at det er skyttarlaget og pistolklubben som fordeler evt vedlikehaldsarbeid der mellom seg, men også der veldig bra at arbeidet vert utført i same tidsrommet. I samband med at Stordal kommune er så heldige at vi får ta imot «heile Møre og Romsdal» siste helga i april, vert det behov for å ta alle rom ved Stordalshallen i bruk, på same viset som at skulen, bedehuset, Stordalstunet, barnehagen, frivilligsentralen osv osv vert nytta.

 

Det som er fint no, er å få ei tilbakemelding frå alle - som i tillegg til å vise at de har mottatt e-posten, også seier noko om kven som stiller på vegne av laget/organisasjonen og når. Ei slik tilbakemelding er det fint å få innan onsdag 21. mars.

Både håper og trur at det er stor vilje til å vere med på dette også denne gongen.

 

Har du lyst til å sjå reportasjar frå tidlegare dugnadar ved Stordalshallen?

 

Då kan vi anbefale mellom anna desse:

http://www.stordalshallen.no/dugnad-ved-stordalshallen-hausten-2006.6490.aspx

http://www.stordalshallen.no/dugnad-i-hove-lakkering-av-golvet-i-idrettshallen.6852.aspx

http://www.stordalshallen.no/enda-meir-dugnad.7098.aspx

http://www.stordalshallen.no/meir-dugnadsinnsats-av-ole-aasen.6783.aspx

http://www.stordalshallen.no/meir-dugnad.7090.aspx

http://www.stordalshallen.no/stordalshallen-10-ar.6557.aspx

http://www.stordalshallen.no/flott-dugnadsinnsats-av-folkedansgruppa.8665.aspx

http://www.stordalshallen.no/meir-dugnad-fra-folkedansgruppa.8670.aspx

http://www.stordalshallen.no/einestaande-dugnadsinnsats.8812.aspx

Eiga facebookside vedr utvidinga av Stordalshallen 2013/2014

Endå meir dugnad! (juni 2015)

http://www.stordalshallen.no/super-dugnadsinnsats-av-ole-aasen.13183.aspx

 

Det vart også lagt ned over 2 000 dugnadstimar då vi fekk tilbygget på plass!

http://www.stordalshallen.no/tilbygget-offisiellt-opna.9434.aspx

 

Mange hugsar sikkert også at det i samband med reisinga av Stordalshallen for over 20 år sidan, vart lagt ned utrulege 30 000 dugnadstimar!

 

I tillegg er det slik at det i dei fleste reportasjane, der vi har skrive om grupper som er på besøk (og det er ikkje få!), også er slik at det er ein god prosjon med dugnad. Då tenkjer eg på instruktørane i klatreveggen, på skytebana og på konkurransetrampolina.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove