Klart for nye, flotte konsertopplevingar!

Over the Rainbow, apr 2018 - plakat - Klikk for stort bildeOver the Rainbow, apr 2018 - plakat

Det er film - og musikalmusikk som er tema når Stordal Hornmusikklag, Stordal Skulekorps og Vatne Hornmusikklag inviterer til konsert i Stordalshallen på søndag. I tillegg til alle dei flotte musikantane får vi også oppleve dugande songsolistar. Når Nick Ost og Co inviterer til konsert, er det berre å møte opp, det veit vi alle!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.04.2018

Over the Rainbow byr på musikk frå bl.a. Les Miserables, Phantom of the Opera, La La Land, Coco, Queen, Back to the future, Jungelboken, West Side Story, m.m.

Sangsolistar: Solveig Maria Nedregård, Elias Hasle, Jenny Marita Sørås.

Stordal skulekorps og Stordal hornmusikklag med gjestar frå Vatne hornmusikklag.

Som alltid kan vi også hygge oss med dei nydlegste kaker og med kaffi til. 

Arrangørane har oppretta ei eiga hending på facebook. Det gjer ikkje noko om du deler denne med venner og kjente. Berre stas at flest mulig kan få med seg denne flotte konserten.

Det er ofte kjekt å mimre litt og også når det gjeld Stordal Hornmusikklag, er det ikkje få reportasjar som er laga opp gjennom åra.

 

Velkomen til konsert kl 18.00, søndag 21. april!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove