Fotograf: Hallgeir Hove
Hjertestartaren er plassert godt synleg i foajeen i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi deltakarane på det første kurset, hausten 2011 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi dei 19 som fekk lære meir om bruken, hausten 2012 fotograf Hallgeir Hove

Klart for nytt hjertestartar-kurs

Stordalshallen fekk på plass hjertestartar hausten 2011 og har sidan den gongen også fått arrangert kurs med jamne mellomrom. I tillegg til kurset då den kom på plass, vart det køyrd eit nytt kurs hausten 2012. No er det altså klart for eit tredje kurs og også denne gongen kan vi takke Stordal Helselag for velviljug støtte. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.05.2015

Som kjent fekk vi hjertestartaren vår på plass hausten 2011 og i den første reportasjen vår, fekk vi også retta eit stor takk til dei som hadde bidratt til at dette.

"Det er på sin plass å rette eit stor takk til Stordal Helselag og Indre Sunnmøre Gjensidige for at utstyret no er kome på plass. Helselaget har løyvd kr 23.500,-, medan Gjensidige løyvde kr 14.000,-. Det er verkeleg verd å legge merke til at det nettopp var desse som bidrog til at slikt utstyr no også er lett tilgjengeleg der det er særs stor aktivitet, året rundt. Takk også til Stordal IL v/leiar Vigdis Hove, som har vore sentral i samband med å få utstyret på plass."

10 personar tok kurset over 4 timar då vi fekk den på plass hausten 2011.

Hausten 2012, vart det så gjennomført eit repetisjonskurs som varte i overkant av ein time, der 19 personar deltok. (7 av dei som deltok, var også med året før..)

Nytt kurs no
Det er no klart at vi vil få gjennmført eit tredje kurs i bruken av hjertestartaren, tysdag den 9. juni. Kurset, som vert arrangert i grendasalen, startar kl 19.00 og varer i 2 timar. Også denne gongen er det Simcare AS i Ålesund, som kjem for å kurse oss og dei har sagt at vi kan få med inntil 20 personar.

Eit vesentleg mål med desse kursa, er naturleg nok at flest mulig skal vere kjend med - og kunne bruke - dette livsviktige utstyret. Det er naturlegvis også fornuftig at det er personar som relativt ofte er i området der hjertestartaren (evt hjertestartarane) befinn seg, som deltek.

I og med at vi har plass til såpass mange, ynskjer vi både å få med dei som har vore med på kurs tidlegare (slik desse får ein repetisjon) men vi vil også ha med dei som evt ikkje har delteke tidlegare.

Dei som alt er klare for å vere med, er fyljande:  

1) Palma F Øvrebust (Stordal Folkedansgruppe, driftsstyret mm)
2) Bjørg Jacobsen (frivilligsentralen, Stordalscup m.m.)
3) Stig A. Busengdal (varabrannsjef m.m.)
4) Hilde Dyrkorn (leiar Stordal Skulekorps)
5) John Helge Larsen (rådgjevar Stordal skule)
6) Robert Møller (arbeidsleiar Stordal kommune)
7) Torunn S Tafjord (lærar Stordal skule)
8) Torill Brastad (lærar Stordal skule)
9) Hallgeir Hove (dagleg leiar Stordalshallen/kulturkonsulent)

Ein ser då kjapt at det framleis er over 10 ledige plassar her og dermed går oppmodinga no ut breidt i høve til å få fyllt opp alle plassane. Ikkje minst er det nok naturleg at lag og organisasjonar som er sterkt representerte ved Stordalshallen og Kirkebø Stadion "kjenner si besøkelsesplikt" og får med mange på dette kurset.

(det høyrer elles også med å nemne at det for ikkje så lenge sidan også vart gjennomført liknande kurs innan brannvesenet her)

Med dette ber vi om å få tilbakemeldingar frå lag, organisasjonar, enkeltpersonar evt andre, slik vi snarast kan få fullteikna deltakarlista. (maks antall deltakarar i denne omgong, er altså i 20)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove