Klart for "Open hall" att, 5. juledag.

Open hall 5. juledag - stas å få på seg klatresele - Klikk for stort bildeOpen hall 5. juledag - stas å få på seg klatresele Hallgeir Hove

At det er open hall 5. juledag, betyr slett ikkje at det ikkje skjer noko i Stordalshallen, sånn elles. Dei fleste har fått med seg at det vekslar mellom flotte arrangement og kjekke besøk der, heile året rundt. Men dei tre siste åra har vi altså sett av 5. juledag til å ta imot barn og unge (og vaksne og, for den del) slik dei kan få prøve seg på skytebana, i klatreveggen, på konkurransetrampolina, osv osv. Dette har vist seg vere veldig populært og derfor gjentek vi dette denne jula og.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.12.2018

Open hall 29. des 2017 -slakkline og teamtrack - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 -slakkline og teamtrack Hallgeir Hove Open hall 29. des 2017 - mykje artig ein kan bruke barneidrettsutstyret til - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 - mykje artig ein kan bruke barneidrettsutstyret til Hallgeir Hove Open hall 29. des 2017 - ein kan kome ganske så høgt opp under taket, når ein testar trampolina - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 - ein kan kome ganske så høgt opp under taket, når ein testar trampolina Hallgeir Hove Open hall 29. des 2017 - å prøve seg på skytebana er alltid ein suksess - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 - å prøve seg på skytebana er alltid ein suksess Hallgeir Hove

I staden for å skrive så alt for mykje om kva dette går ut på, så kan vi vise til våre tidlegare reportasjar om det heile og ikkje minst til omfattande bildegalleri.  

Som så ofte tidlegare er det takka vere særs positive og dyktige instruktørar at det er mulig å få til slike flotte tilbod. Her er dei som etter planen stiller:

I klatreveggen kjem Eli Søvik, Kjell Mulelid og Helga Øvrebust. I tillegg truleg også ein del av dei unge som har teke klatrekurs nyleg.

Frode Holteleite kjem og og dermed kan vi også få rigga opp konkurransetrampolina vår.

På skytebana er det, etter det vi har fått info om, Stig Falling og Johan Bernt Øvrebust, som stiller.

Så riggar vi opp teamtrack´n, slakklina, skuddlaseren, minigolf, minitrampett, bordtennis og mykje, mykje meir, slik alle som har lyst til det kan få prøve ut. Det vert ope frå kl 12.00 til kl 14.00.

Velkomen til Stordalshallen og til "Open hall", laurdag 29. desember (5. juledag)!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove