Fotograf: Veronica Hjelseth, Sunnmørsposten
Stordal sine gutar i 10 årsklassa fekk treffe Jonathan Parr under Stordalscup 2012. No er dei klare for futsal i Stordalshallen på laurdag fotograf Veronica Hjelseth, Sunnmørsposten
Fotograf: Hallgeir Hove
Desse jentene skal i aksjon på søndagen! (Stordal J 10) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
J 11 - laget er også klar til dyst, søndag fotograf Hallgeir Hove

Klart for storinnrykk også denne helga!

Laurdag 8. og søndag 9. desember vert det folksamt i Stordalshallen, når den første av totalt tre futsalhelgar skal avviklast. Det er Sunnmøre Fotballkrets som står bak den nye futsalserien for gutar og jenter i alderen 10 til 12 år og det er totalt over 100 lag med! I Stordalshallen er det Stordal IL, fotballgruppa, som er arrangør.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.12.2012

Futsalserien (som altså er det same som innandørsfotball, for dei som ikkje er heilt kjend med terminologien) vert avvikla i mange av idrettshallane på Sunnmøre og for Stordalshallen sin del vert SIL i vertskap for desse flotte arrangementa tre helgar. I tillegg til førstkomande helg, vil liknande arrangement gå av stabelen også 12. og 13. januar, samt 2. og 3. februar. 

Les alt om Sunnmøre Fotballkrets sin futsalserie på nettsida til kretsen.

Her ser du når laga til Stordal IL skal i aksjon:

Laurdag 8. desember

Stordal G 10:

Kl 10.30 skal dei møte Godøy

Kl 12.30 skal dei møte Sykkylven

Kl 14.00 skal dei møte Herd Tigers


Søndag 9. desember

Stordal J 11:

Kl 09.15 skal dei møte Ørskog

Kl 10.30 skal dei møte Hundeidvik

Kl 11.45 skal dei møte Spjelkavik


Stordal J 10:

Kl 13.15 skal dei møte Guard

Kl 15.00 skal dei møte Blindheim

Kl 16.00 skal dei møte Aksla


Stordal IL sine lag har alt vore i aksjon i Ørskoghallen og det er ikkje til å legge skjul på at dette var stor stas både for spelarane og for publikum. Når desse laga no skal i aksjon på heimebane (gutane på laurdag og jentene på søndag), er det difor all grunn til å rekne med at det også vert mange frå Stordal som møter fram og heiar. Det vert sjølvsagt også kafé i grendasalen, så her er det berre å ta med seg lommeboka og kome!  

I og med at vi ventar storinnrykk også frå foreldre, besteforeldre og andre frå heile Sunnmøre, har ein opna opp for parkering også på grusbana ved stadion.  

Velkomen til fotballfest i Stordalshallen på laurdag og søndag!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove