Klart for vedlikehaldslakkering av golvet att

Gjengen som stilte på for å klargjere før lakkeringa i 2008 - Klikk for stort bildeGjengen som stilte på for å klargjere før lakkeringa i 2008

Tenkjer du at det ikkje er så lenge sidan sist vi fekk lakka golvet i idrettshallen vår? Det er fort gjort det, men det er faktisk fire år sidan no og difor på tide å få utført dette igjen. Til liks med Stordalshallen elles, framstår også golvet i idrettshallen som relativt nytt, ikkje minst takka vere kor flott det er helde ved like. Der er det mange som skal ha stor ære, ikkje minst dei som har stilt opp i forkant av dette lakkeringsarbeidet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.05.2019

Her er eitt av laga som var i sving i 2015 - Klikk for stort bildeHer er eitt av laga som var i sving i 2015 Hallgeir Hove Kaffepause høyrer med - Klikk for stort bildeKaffepause høyrer med Hallgeir Hove John Trengereid frå Byggmester Jørgen Dovland AS er godt kjent i Stordalshallen - Klikk for stort bildeJohn Trengereid frå Byggmester Jørgen Dovland AS er godt kjent i Stordalshallen Golvet ferdig lakka og klar for tørking - Klikk for stort bildeGolvet ferdig lakka og klar for tørking Hallgeir Hove

Korleis vi behandlar golvet i det daglege, er naturlegvis også heilt avgjerande og då er det verkeleg mange som fortener skryt. Tenk berre på alle dei timane som er lagt ned i samband med større arrangement, der heile golvet vert dekka til.

No er det mange som har ytra eit ynskje om at vi får skifta til plastdekke og då nettopp for å kunne sleppe å måtte dekke til i samband med arrangement der stolar og bord skal settast utover. Det er forsåvidt ein forlokkande tanke dette og det hadde vore veldig kjekt å sleppe unna dette arbeidet. Men det er berre det at tilrådinga også frå leverandør av plastdekke, går på at ein bør dekke til for å beskytte også slik type golv. I tillegg er det slik at våre besøkjande lag (ikkje minst handball) er klare på at vi for all del ikkje må finne på å skifte ut dette parkettgolvet vårt! Slik sett kan vi faktisk sjå på det at Stordalshallen framleis har parkettgolv, som eit skikkeleg fortrinn med tanke på at det skal vere attraktivt å besøkje oss også i åra framover. Eit tredje moment er sjølvsagt dette med kostnad, men om det var einaste grunnen ville det naturlegvis uansett vere verd å vurdere.

Stordalshallen har heilt sidan starten av helde seg til eitt og same firma, når golvet i idrettshallen skal vedlikhaldslakkerast. Det er Byggmester Jørgen Dovland AS og kanskje er også dette ei vesentleg årsak til at golvet framstår så flott som det gjer.

 

Treng hjelp til å klargjere golvet til lakkering.

No er det slik at det blir ein del svarte strek og merker elles, på parkettgolvet og sjølv om vaktmeister prøver å få fjerna det meste av slikt i det daglege, er det ekstra behov for å få fjerna slikt i forkant av lakkeringa. I 2015 stilte nærare 20 personar opp og det vart gjennomført eit par kveldsøkter på om lag 2 timar kvar. I tillegg til å fjerne svarte strek, fekk ein då også bøtt mindre sår i parketten.

Vi både håper og trur at vi skal klare å få til noko liknande også denne gongen. Stordalshallen og dugnad, det er nemleg to sider av same sak det!

Sjå gjerne reportasjen frå 2015 og den suverene dugnadsinnsatsen også den gongen!

Vedlikehaldslakkering vart også utført i 2008 og også den gongen laga vi reportasje

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove